Hopp til innhold

Sunnmøre støttar Hemsedal i aust-vest-striden

Aust-vest-stamveg over Hemsedalsfjellet er det beste av dei to aktuelle alternativa, seier regionrådsleiaren på Sunnmøre, som snakkar sin eigen fylkesordførar midt i mot.

Anders Riise

GÅR FOR HEMSEDALSFJELLET: Anders Riise er styreleiar for landets største regionråd, som femner om 19 kommunar på Sunnmøre.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Eg meiner heilt klart at for Sunnmøre sin del, er riksveg 52 over Hemsedalsfjellet det føretrekte alternativet av dei to aktuelle. Riksveg 7 over Hardangervidda blir alt for langt sør og vil ikkje ha effekt for vår del, seier Anders Riise, styreleiar i Sunnmøre regionråd.

Gladmeldinga til Hemsedals-forkjemparane kjem etter ein real friarframstøyt frå interesseselskapet for Hemsedalsfjellet.

Møre-støtte viktig

Før påske sende dei brev til Sunnmøre regionråd med ønskje om å byggja allianse. Å leggja stamvegen over Hemsedalsfjellet vil bety mykje både for industri, reiseliv, fiskeri og for heile den nordlege vestlandsregionen, meiner ordførar Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster, ein av ni kommunar i interesseselskapet.

Oddmund Klakegg

VIKTIG FOR NORDVESTLANDET: Å leggja stamvegen over Hemsedalsfjellet vil løysa ut ein heil landsdel, som Sunnmøre er ein del av, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Sunnmøre skapar store verdiar og bidreg mykje til Noregs totale eksportinntekter og er difor viktig å ha med på laget, seier Klakegg.

Å få støtte frå Sunnmøre kan bli avgjerande politisk. Før jul peika nemleg samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen ut vegen over Haukeli som den sørlege aust-vest-traseen. Avgjerda om kva som skal bli den nordlege – Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda – skubba ministeren derimot framføre seg.

– Den raskaste vegen

Utsetjinga betyr vegpolitisk strid.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen

UTSETTE AVGJERD: Statens vegvesen meinte Hemsedalsfjellet var den beste aust-vest-traseen, men samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen sette like fullt i gang endå ei utgreiing av dei to konkurrerande alternativa, som skal vera klar 1. september.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ordførar i Sogndal og nestleiar i interesseselskapet for Hemsedalsfjellet, Jarle Aarvoll, meiner han har gode argument å få Sunnmøre inn i folden:

– For deler av Sunnmøre vil den kortaste vegen til Austlandet vera over Hemsedalsfjellet når nye E39, brua over Sognefjorden (Mannheller – Fodnes) og den lange tunnelen under Hemsedalsfjellet (Bjøberg – Borlaug) er på plass.

Men motstandarane mot Hemsedalsfjellet er mange og mektige både i Hordaland og Møre og Romsdal.

Tek sjølvkritikk

Sjølv om Anders Riise i Sunnmøre regionråd er langt meir velvillig innstilt til Hemsedalsfjellet enn fylkesordføraren sin, skil han tydeleg mellom den pågåande politiske striden om trasevalet – Hemsedalsfjellet versus Hardangervidda – og sjølve kampen om vegkronene som vil koma seinare.

Jarle Aarvoll, Oddmund Klakegg, Jenny Følling

PÅ FRIARFERD TIL SUNNMØRE: Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap, t.v.) har bede om eit møte med Sunnmøre regionråd, her saman med jølsterordførar Oddmund Klakegg (Sp, midten) og fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Når bataljen om pengane startar, vil opprusting av E136 gjennom Romsdalen, ein ferjefri E39, samt ein tunnel gjennom Strynefjellet vera viktigare for mange sunnmøringar enn kjempa for midlar til Hemsedalsfjellet, seier regionrådsleiaren.

For både Jarle Aarvoll og Oddmund Klakegg var samferdsleministeren si utsetjing ein stor nedtur. Med støtte frå Sunnmøre regionråd i sjølve trasespørsmålet, ser begge Hemsedals-forkjemparane at dei burde ha sikra seg ein allianse med sunnmøringane tidlegare.

– Det skulle me ha gjort. Me trudde me hadde overlegne argument og sat litt på gjerdet, og det må me ta sjølvkritikk på, seier Klakegg.