Hopp til innhold

Denne bukta kan gjere Lærdal til godsknutepunkt

– Det er spennande. Eg vågar nesten ikkje tenkje på kor stort dette kan bli.

Erdal i Lærdal kommune

GIGANTHAMN: Her frå Erdal og innover mot Lærdalsøyri ynskjer Lærdal kommune å etablere det som blir landets største hamn for gods.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Jan Geir Solheim

OPTIMIST: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) er over seg av begeistring for planane. – Det kan bli Norges største kai, dersom undersøkingane og lønsemda i det vi greier ut er så god som vi håpar, seier han.

Foto: Lærdal kommune

Det seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal om det som kan bli Norges største godshamn, berre nokre få kilometer utanfor Lærdal.

– Enkelte kan fort hevde at eg er overpositiv, men dette er det største prosjektet i vår kommune som eg har sett og som er så konkret, seier han.

– Ein stor fordel

For det meste ligg til rette for at planane kan realiserast. Plassert inst i Sognefjorden, midt mellom landets to største byar, Oslo og Bergen, er geografisk plassering eitt av hovudargumenta.

– Det kan bli Norges største kai dersom dei undersøkingane vi gjer og lønsemda i det vi greier ut er så god som vi håpar.

Kartlegging av djupna i Sognefjorden har gitt lovande resultat for store lasteskip.

Arve Tokvam

REALISERER: Arve Tokvam skal føre prosjektet vidare. – Sjå på potensiale, moglegheiter, kontakte samarbeidspartar og investorar. Sjå på eventuelle lokaliseringar og korleis det kan knyte saman med andre miljø både regionalt og nasjonalt, samanfattar han.

Foto: Lærdal kommune

– Nokre vil kanskje tru at det er ei ulempe, men det er faktisk ein stor fordel å vere i enden av verdas lengste fjord. Det kostar berre ein tidel å frakte ting på skip enn på bil, då er det viktig å få det lengst mogleg inn i landet på skip. Der ligg Lærdal, seier Solheim.

Arve Tokvam, dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling, støttar planane. Det er han som skal planlegge vidar slik at planane om ei 1,5 kilometer lang hamn blir ein realitet.

– Vi meiner potensialet er stort. Kapasiteten er sprengd på hamner i landet. Kjem ein seg til Lærdal, så er ein langt inne i landet og får eit godt utgangspunkt for vidare transport, seier han.

Møter ministeren

Heidi Finstad

SPENNANDE: Heidi Finstad i Treindustrien likar entusiasmen i Lærdal. – Uansett korleis næringsaktørar vurderer grunnlaget, så tykkjer eg det er positivt å setje dagsorden og vere positiv. Eg oppfattar dette som eit uttrykk for nettopp det, seier ho.

Foto: Pressefoto

Administrerande direktør i Treindustrien, Heidi Finstad, er positiv til den offensive haldninga for å skape næringsutvikling i Lærdal. Ho ser også positivt på ei storhamn i Lærdal.

Kapasiteten på hamnene er sprengd, særleg på Austlandet.

– Så er det jo slik at det alltid vil vere lønsamt å få mest mogleg gods over på båt. Det er økonomisk lønsamt og miljømessig lønsamt, seier ho.

Og ordføraren i Lærdal meiner alvor. I dag reiser han til Oslo for å lokke næringsminister Monica Mæland (H) med på laget.

– Vi vil presentere moglegheitene med hamn i Lærdal, og med Håbakken som knutepunkt. Vi ynskjer staten med oss no, seier han.