Hopp til innhold

Han selde alt jordisk gods for å segle jorda rundt

Mange drøymer om å gjere det. Men få set det ut i livet. Ole Kristian Horstad har selt huset sitt, sagt opp jobben og kjøpt seg ein seglbåt for å sette kursen ut i verda. Åleine.

Ole Kristian Horstad

SEGLAR ALEINE: Ole Kristian Horstad legg ut på jordomsegling aleine.

Foto: Privat

– Eg har tenkt på dette i 12 år. I fjor kjøpte eg båten på Austlandet. Og på turen heimover bestemte eg meg for å reise ut i verda, seier Ole Kristian Horstad.

Han fortel at det var kjensla av sjelero på turen som fekk han til å bestemme seg for å legge ut på langtur.

– Det var nye ting å sjå heile tida, masse utfordringar også fekk eg ei ro eg aldri har kjent før, seier Horstad.

Ole Kristian Horstad

GJEST: Nyleg var Ole Kristian gjest i ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane og fortalte om reiseplanane sine.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Likevel fortel han at det å bestemme seg for å reise ikkje berre var lett.

– Å ta det steget, er den største utfordringa trur eg. Når ein først har bestemt seg for å reise rullar ballen av seg sjølv. Eg trengde heile den turen frå Austlandet for å bestemme meg, forklarar han.

Eventyret lokkar

Som for så mange andre er det eventyret som lokkar, men til forskjell frå sofadrøymarar flest, gjer Horstad ord til handling. I løpet våren kastar han loss.

– Eg har ikkje den endelege planen klar enno, men sansynlegvis vert det først til Skottland og over Biscaya til Gran Canaria og ut i Atlanteren.

Det er ein tur som kjem til å ta fleire månader.

– Eg har ikkje noko hastverk med å kome til Atlanteren. Eg skal nyte turen og plassane, seier Horstad.

segling

KLAR FOR EVENTYRET: Kursen er satt, men reisa er målet

Foto: PRIVAT

Turen er målet

Horstad har ikkje noko geografisk mål for turen han no skal legge ut på.

– Det er liksom sjølve turen som er målet.

– Men du reiser heilt aleine, mange hadde vel tenkt at det kunne vore kjekt med litt selskap?

– Selskap vert det sikkert på vegen, men eg har ikkje nokon som blir med fast. Så i utgangspunktet vert eg åleine, seier Horstad.

Du er ikkje redd for at du skal verte einsam, når du skal segle aleine i fleire månader?

– Det å vere åleine er ikkje nødvendigvis einstydande med å vere einsam.

Grundige førebuingar

Som førebuing til turen har han saumfare reisskilderingar frå folk som har vore på jordomseglingar.

– Så er det å sjå kva utstyr ein treng og forsikre seg om at båten er klar, ler 35-åringen.

Horstad trur den største utfordringa vert å kome til nye land og finne ut av kva lover og reglar som gjeld for innsjekk og dokumentasjon av båten. Sjølve seglinga er han meir trygg på.

– Seglinga er utfordringar som eg kan noko om, så det er litt enklare å takle.

– Korleis reagerte venene dine når du fortalde dei kva du skulle gjere?

– Det er mange som har sagt at dei vil kome å besøke meg under vegs, elles så går det igjen at mange tykkjer det er ein tøff ting å gjere, seier Horstad.