– Vi skal reise meir!

– Det finst så mange små utpostar rundt omkring i verda der folk klorar seg fast. Det er utruleg interessant å sjå korleis folk klarar seg på slike stadar.

Kjell Arne Steinsvik og Kristine Nygård på Antigua.

Kjell Arne Steinsvik og Kristine Nygård på Antigua.

Foto: Privat

Kjell Arne Steinsvik avslutta laurdag ei to år lang reise saman med kjærasten Kristine Nygård.

– Reisekassa var tom, så no måtte vi avslutte dette eventyret. For denne gang. Det seier ein entusiastisk Steinsvik etter at seglebåten S/Y Emma nyleg la til kai i Ørsta etter ein skikkeleg langtur.

Sa opp jobbane sine

På seglturen mellom Shetland og Noreg

Kjell Arne Steinsvik slappar av på seglturen mellom Shetland og Noreg

Foto: Privat

Kjærasteparet frå Ørsta sa opp jobbane sine og la ut på reise for to år sidan. Utan ein heilt tydeleg plan. I grove trekk ville dei runde Atlanterhavet.

– Det var viktig for oss å kunne ta oss tid til å sjå stadar og oppleve ting undervegs. Då kan ein ikkje ha ein alt for rigid plan, seier Kjell Arne som no trass alt er glad for å vere heime.

LES OGSÅ: Lever ut sin store drøm

LES OGSÅ: – Ingen på min alder har gjort det tidligere

Elskar små utpostar

Steinsvik fortel at det er dei små øyene, der det bur færrast folk, at det er mest interessant å kome på besøk.

Det finst mange små utpostar rundt omkring i verda der folk klorar seg fast. Det er utruleg interessant å sjå korleis folk klarar seg på slike stadar. Alt må jo fraktast dit med fly eller båt, fortel han.

Stranda på Saba

Landgang på klippeøya Saba. Ikkje lett å få gummibåten opp på 'stranda'.

Foto: Privat

Saba, ei klippeøy i Karibia er ei slik øy.

– Øya er bratt og du må nesten klatre for å kome deg opp frå stranda. Og oppå der openberrar det seg eit lite samfunn. Øya er ein Nederlandsk koloni og der bur det faktisk 1800 menneske. Det er ein veldig fascinerande stad, seier Steinsvik.

Segla eitt år i Karibia

Etter å ha segla seg gjennom Europa og over Atlanterhavet via Kanariøyene og Kapp Verde segla paret rundt omkring i Karibia. I eit heilt år.

– Eg elskar Karibia. Der er øyene utruleg forskjellige. Både når det gjeld natur, økonomi og levestandard. Der kan du reise lenge og der er mykje å oppleve, fortel Steinsvik.

«Emma» på anker i Puerto Rico.

«Emma» på anker i Puerto Rico.

Foto: privat

Paret treivst særs godt på Øya Dominika i Karibia, ei lite utbygd øy der det meste er enkelt og primitivt.

– Der tok folk livet med ro. Det var eit veldig avslappa samfunn og der fann vi roa. Den øya besøkte vi tre gangar og var der til saman 1, 5 månader.

LES OGSÅ: – Ingen på min alder har gjort det tidligere

Fint på Fair Isle

Ei anna øy der paret treivst godt var på Fair Isle sør for Shetland, der bur det cirka 60 menneske langt vekk frå andre samfunn.

Fair Isle

Fair Isle sør for Shetland.

Foto: Privat

Steinsvik synest fleire burde ta seg tid til å oppleve verda.

– Det er berre å gjere det. Vi bur i eit land der vi har generelt god økonomi. Dei aller fleste har råd til å reise ut og oppleve ting. Eg meiner at om der er vilje så er der råd, seier Steinsvik.

Det kostar å reise

– Vi hadde spart i nokre år og Kristina selde leilegheita si før vi reiste. No har vi brukt vel ein halv million på å reise i to år. Og vi har oppdaga at Noreg er eit billig land. Karibia er faktisk dyrare å vere i enn Noreg. Og så var dollaren dyr, fortel Steinsvik.

Men så er det jo forskjell på korleis ein reiser og.

– Vi har hatt bra komfort. Vi har ete godt og hatt det bra. Dette var ikkje ein lavbudsjett-tur. Men det vart likevel litt dyrare enn vi trudde, seier Steinsvik som no er på leit etter jobb.

Strandhogg i St. Vincent and the Grenadines.

Strandhogg i St. Vincent and the Grenadines.

Foto: Privat

Men. Ein treng kanskje ikkje spare seg til fant før ein reiser heller. Steinsvik trur faktisk at det er dei som reiser billigast som har det morsomast.

– Eg trur at dei som reiser billig, med små båtar, vert tvungne til å vere sosiale. Folk med store båtar har lett for å skremme vekk folk. Det verkar som om dei som reiser billigast har det morsomast. Men for all del, det er ingen fasit. Folk må reise som dei vil. Men kom seg på tur, det vil eg anbefale, insisterer Steinsvik.

– Kva skjer no?

–Vi sa begge opp jobbane før vi reiste. Kristine har fått jobb med sin tidlegare arbeidsgivar i barnevernet i Bergen. Eg flyttar med til Bergen og må finne meg ein jobb. Eg har trua på det skal ordne seg. Eg er ikkje bekymra, seier ein munter Steinsvik.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.