NRK Meny
Normal

«No er det Vikafjellstunnelen sin tur»

Vik-ordførar Marta Finden Halset er ny styreleiar i interesseselskapet Fjordvegen. Avtroppande styreleiar, Arne Kleppa, er klar på at no er det Vikafjellsvegen sin tur.

Kleppa og Finden

RUSTA TIL KAMP: Avtroppande styreleiar Arne Kleppa og påtroppande styreleiar Marta Finden Halset er samde i at Vikafjellstunnelen må framskundast.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Riksveg 13, som mellom anna snor seg over Vikafjellet, var tema på ein konferanse i Balestrand i dag. Bak står interesseselskapet Fjordvegen, der kommunar, private og kommunale selskap er medlemmer.

– Hardangerfjordbrua er på plass. Ryfast, verdas lengste biltunnel er under arbeid og skal opnast i 2019. Det som no står på beddingen er Vikafjellstunnelen, som skal startast opp i andre vegplanperiode, seier Kleppa.

Han legg til at det i tillegg også er mange andre større prosjekt som er ferdigstilte.

Var stengd i over 1000 timar

Vegen over Vikafjellet går mellom Vik og Voss, og i 2009 lova dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete at riksveg 13 over Vikafjellet skulle vere vinteropen. Same år kom beskjeden om at vegen fekk status som stamveg.

Men likevel har det vore mange timar for vikjene utan open veg over fjellet.

Tal frå Statens vegvesen i mars synte at vegen i vinter hadde vore stengd i over 1000 timar. I tillegg har fjellet hatt kolonnekøyring i over 300 timar. Til saman er det snakk om meir enn 50 døgn med trafikkrestriksjonar, noko som gjer vegen til den verste fjellvegen i vest.

I april i fjor flagga vikjene på heil stong då det vart klart at Vikafjellstunnelen fekk løyvt pengar til oppstart i Nasjonal Transportplan. Då hadde både innbyggjarar og politikarar i Vik kjempa i 50 år for 16 kilometer med ny veg gjennom Vikafjellet.

Ein tunnel vil koste om lag 1,6 milliardar kroner, og sikre heilårssamband mellom Vik og Voss.

Meiner dei har påverknadskraft

Ein rekkje aktørar jobbar for å få flytta fram oppstarten av bygginga av Vikafjellstunnelen.

– Kva meiner du interesseselskapet bør jobbe med for å støtte opp under det?

– Punkt ein er å minne politikarane, som står bak Nasjonal Transportplan, om å stå for det dei har sagt og løyve dei naudsynte midla for å få det framskynda, og i alle fall halde dei planar som dei har lova, seier Kleppa.

Han meiner klart at eit interesseselskap som Fjordvegen har påverknadskraft.

– Vi har innverknad på den måten at vi kan jobbe gjennom instansar og organ som kommunar og fylkeskommunar og Statens vegvesen, seier Kleppa.

Ordførar i Vik, Marta Finden Halset, er vald til ny leiar i interesseselskapet. Ho deler Kleppa si oppfatning av at det no er Vikafjellstunnelen sin tur.

– Eg kjenner til at det har vore jobba mykje med Vikafjellstunnelen i dette selskapet, så mykje er gjort. Men no gjeld det å gjere sitjande politikarar merksame på kva dei lova i valkampen, seier Halset.

Vil ha byggjestart i 2018

– Eg er overtydd om at sitjande politikarar har så mykje ansvar at dei vil framskunde Vikafjellstunnelen til starten på sluttperioden i denne transportplanen, altså byggjestart i 2018, seier Halset.

– Eg reknar med at Vikafjellstunnelen skal prioriterast framover, og eg har heile tida hatt det inntrykket av Fjordvegen at Vikafjellsvegen har stått høgt på prioriteringsplanen, seier Halset.

– Korleis vil du bruke dette interesseselskapet som eit instrument for å fremje Vikafjellstunnelen når NTP skal rullerast?

– Det blir å jobbe inn mot sitjande politikarar, som samferdsleministeren og regjeringa. Vi har mykje arbeid framfor oss, seier Halset.

Har bestilt ny rapport

Ho legg til at dei no har bestilt ein ny rapport som skal gje dei informasjon for å kunne spisse argumenta deira.

– Det skal vere ein rapport som skal vere ein god reiskap i argumenteringa framover, seier Halset, og legg til at rapporten tek for seg fleire aspekt.

– Vi vil sjå på næringslivet, tilflytting, busetnad og kva regionen kan tape eller vinne på i framtida, seier Halset.

Den siste tida er det hovudsakleg E39 som har vore lengst framme i pannebrasken på politikarane i Norge. Kampen om kvar dei ulike parsellane på ferjefri E39 skal gå, har oppteke mange.

Halset trur det skal late seg gjere å få merksemd på

– Det har høyrt ut som om heile Norge dreiar seg om E39, men den indre stamvegen er viktig for denne regionen, både når det gjeld felles bu- og arbeidsmarknad og utvikling av arbeidsplassar, seier Halset, som er klar på at ein tunnel gjennom Vikafjellet vil bety mykje for mange.

  • LES OGSÅ:
  • LES OGSÅ:

Viktig med alliansepartnarar

– Eg ser klart på kartet at ei utvikling sørover mot regionen Bergen/Stavanger også vil gi vår region utvikling, seier Halset.

Arne Kleppa meiner det er gode sjansar til å få framskunda oppstarten av heilårsvegen over Vikafjellet

– Det viktigaste er å knyte til seg dei viktigaste alliansepartnarane for dette, nemleg Statens vegvesen, fylkeskommunen og stortingspolitikarane som representerer denne delen av landet, slik at ein samla kan få til det trykket som trengst for få dette til. Eg trur Halset kan få til det, seier Kleppa.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.