Hopp til innhold

KrF krev Vikafjellstunnel no

KrF krev at Frp og Høgre held lovnaden frå valkampen, og ber samferdsleministeren leggje fram sak om framskunda oppstart av Vikafjellstunnelen.

Brøyting av Vikafjellet

HEILÅRSVEG: Vikafjellet er mellom dei mest utsette fjellovergangane i Sør-Norge. Kring årsskiftet kjempa entreprenørane mot fleire meter høg snø for å få opna vegen.

Foto: Erling Stokkebø

I desember og fram til 20. januar i år var Vikafjellsvegen stengd i over 22 av 51 dagar.

Nyleg reiste ordførar i Vik, Marta Finden Halset (Ap) til Oslo, for å minne politikarane om lovnaden dei gav i valkampen.

– For desember månad brukte ein for 2,2 millionar kroner i brøytepengar på Vikafjellet, seier ho.

– KrF er klare

Høgre, Frp og KrF lova alle i valkampen i fjor å flytte fram oppstarten av Vikafjellstunnelen. Ein lovnad sistnemnde no krev at regjeringspartia følgjer opp slik at arbeidet startar før 2018. I Nasjonal transportplan ligg det an til ein oppstart fire-fem år seinare .

Hans Fredrik Grøvan

FORTGANG: Hans Fredrik Grøvan og KrF krev fortgang i arbeidet med Vikafjellstunnelen.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

KrF krev at samferdsleministeren legg fram ei sak for Stortinget, slik at politikarane kan gjera om på rekkefølgja.

– Vi er klare til å gå for eit slikt vedtak så fort saka blir lagt fram. Då er det eigentleg berre tida og vegen å gjere dei naudsynte detaljførebuingane for å setje dette i gang, seier samferdslepolitisk talsperson i KrF, Hans Fredrik Grøvan.

– Håpar på 2014/2015

– Klarer ein dette i løpet av 2014, så vil eg tru at ein etter to år bør kunne setje i gang arbeidet, legg han til.

Statssekretær Bård Hoksrud, Frp

LOVA: Frp og Bård Hoksrud.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Medan KrF er klar til å stå ved valløftet sitt og sikre fleirtal for framskunding, føreset det at dei to regjeringspartia også held sin vallovnad. I fjor sommar sa nemleg Bård Hoksrud i Frp:

– Vi håpar at det er fullt mogleg å komme i gang i 2014/2015, då bør det kunne gå ganske raskt å halde fram utbygginga.

– Må vente på regjeringa

Høgres Ingjerd Schou følgde opp:

Ingjerd Schou (H) i Transport- og kommunikasjonskomiteen

LOVA: Ingjerd Schou og Høgre.

Foto: Christian Nygaard-Monsen/NRK

– Dette ber bod om at ein må halde ord også etter valet, gitt at vi får eit regjeringsskifte. Då vil Vikafjellstunnelen liggje der som prioritet i første del av perioden, og ikkje siste del som regjeringa tilrår.

Eit halvår etter er tonen i Høgre ein litt annan.

– Her må vi vente på kva regjeringa vil leggje fram for Stortinget. Så er det opp til dei årlege budsjetta å avgjere kva vi får prioritere, seier leiar i transportkomiteen på Stortinget, Linda Hofstad Helleland (H).

Krevjande valløfte

Sju månader etter at Bård Hoksrud gav sitt løfte, sit han med makta, som statssekretær i Samferdsledepartementet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Regjeringa vil leggje tunnel gjennom Vikafjellet. Sjølv om midlane først kjem i andre planperiode av NTP, vart dette feira med champagne, kake og gamalost i Vik.

SJÅ TV-SAK: I Vik spretta dei champagnen då meldinga om at Vikafjellstunnelen var komen med i NTP.

Frp-politikaren kan ikkje lova å leggja fram ei sak om Vikafjellstunnelen for Stortinget, slik KrF krev, og vedgår at det blir krevjande å halda lovnaden om oppstart i 2015.

– Eg skulle veldig gjerne sagt at det skal vi få til, men eg kan ikkje love noko før rammene for dei ulike budsjettåra blir lagt, seier Hoksrud.

Har store von

Det imponerer ikkje KrF og Grøvan.

– Det er difor vi er tydelege på at vi står ved det vi har sagt og ventar at Høgre og Frp gjer det same.

Marta Finden Halset viser fram vegplanar for Vikafjellet

ORDFØRAR: Marta Finden Halset med planane dei har for Vikafjellet.

Foto: Steinar Lote / NRK

I Vik ventar ordførar Marta Finden Halset at Høgre og Frp leverer. Dette var også bodskapen overfor Hoksrud og leiar i Sogn og Fjordane Frp, Frank Willy Djuvik, under eit møte med statssekretæren nyleg.

– Når han sa at dersom dei kom til makta etter valet, så skulle dei syte for at vegen vart skunda fram til første periode. Så vi har store von til dette, seier ho.