Hopp til innhold

Etter 50 år lang vegkamp kunne vikjene sleppe jubelen laus

Med champagneflaska i ei hand, og gamalost frå Vik i den andre, jublar ordførar Marta Finden Halset over pengar til oppstart av Vikafjellstunnelen.

Regjeringa vil leggje tunnel gjennom Vikafjellet. Sjølv om midlane først kjem i andre planperiode av NTP, vart dette feira med champagne, kake og gamalost i Vik.

CHAMPAGNE: Vik-ordførar Marta Finden Halset spretta champagneflaska etter at det vart kjent at regjeringa ynskjer tunnel gjennom Vikafjellet.

Veke etter veke dei siste åra har ordførar Marta Finden Halset (Ap) drive lobbyverksemd for tunnelen, og ho har sendt mange kraftsalver mot sentrale styresmakter.

Kake for tunnel gjennom Vikafjellet

TUNNEL-KAKE: 'Endeleg! Etter 50 år' står det på kaka i Vik.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Etter å ha venta i spenning, kunne ho endeleg sleppe jubelen laus då Nasjonal Transportplan blei lagd fram. Der ligg det inne 100 millionar kroner til oppstart.

– No er det kjent, og vi er i lukkerus. Dette er ein kjempedag og det er verkeleg kjekt å vere ordførar her, jublar Halset.

Har kjempa i 50 år

Innbyggjarar og politikarar i Vik har i 50 år kjempa for 16 kilometer med ny veg gjennom Vikafjellet. Også næringslivet i dei kringliggjande kommunane har kravd tunnel på den mest stengde riksvegen i landet .

Kolbjørn Varmann opnar Vikafjellsvegen i 1958

OPNA i 1957: Samferdsleminister Kolbjørn Varmann opna Vikafjellsvegen i 1957.

Foto: Vagn Horn Fjalestad

Ein tunnel vil koste om lag 1,6 milliardar kroner og sikre heilårssamband mellom Vik og Voss.

– Eg veit ikkje korleis eg skal skildre det. Det er i alle fall ein veldig stor dag for Vik. Vi har aldri vore så langt framme som inne på NTP, seier ho og sender takkehelsingar på rekkje og rad til sine raudgrøne kollegaer i regjeringa.

Hemmar næringslivet

Den nasjonale transportplanen blei lagt fram av samferdsleminister Marit Arnstad i dag. Den gjeld for dei ti neste år og viser kva vegar og anna samferdsle som får pengar.

Ras i Holo på riksveg 13 på Vikafjellet.

MANGE RAS: Sist vinter var riksveg 13 over Vikafjellet stengd i 50 døgn og var den mest stengde riksvegen i Norge.

Foto: Arnstein Karlsen

I siste seksårsperiode prioriterer regjeringa 100 millionar kroner til oppstart av bygging av ny tunnel gjennom Vikafjellet.

Regjeringa legg stor vekt på å betre regulariteten over Vikafjellet om vinteren fordi dei mange stengingane hemmar utviklinga av næringslivet i regionen.

– Når dei raudgrøne sender det signalet, å setje oss på NTP, så er det ei stadfesting på at dei ser kor viktig denne tunnelen er for regionane og ein kommune som har vore totalt innestengd, seier Halset og kjenner seg trygg på at tunnelen vil komme.

(Artikkelen held fram under biletet)

Første bilen over Vikafjellet

FØRSTE BIL OVER FJELLET: Drosja til Per Breilid vart første bilen som køyrde heile vegen over Vikafjellet, 1. september 1956.

Foto: © Vik lokalhistoriske arkiv

– Får etterlengta prosjekt

Ras i Holo på riksveg 13 på Vikafjellet.

MANGE RAS: Sist vinter var riksveg 13 over Vikafjellet stengd i 50 døgn og var den mest stengde riksvegen i Norge.

Foto: Arnstein Karlsen

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) seier vikjane har all grunn til å juble i dag. Dei 100 millionane som er sett av, er eit tydeleg signal på at planlegginga kan startast.

– Eg trur nok dei heiser flagget i dag. Det at tunnelen er inne på transportplanen med ei oppstartsløyving i andre periode, betyr at ein kan starte planlegging på det etterlengta prosjektet. Dette vil bety enormt mykje for næringslivet og busetnad i den delen av fylket, seier Navarsete.

Får 470 millionar til rassikring

Vikafjellsvegen, sett frå vossesida.

HÅRNÅLSSVINGAR: Vikafjellsvegen på Vossesida. Frå Hola går vegen i hårnålssvingar opp på fjellet. Her er det planar om å leggje vegen i ein lang tunnel for å gjere Vikafjellsvegen til ein trygg heilårsveg.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vik kan gle seg over endå meir pengar. Arbeidet med skredsikring på strekninga Vik–Vangsnes, på riksveg 13 er prioritert med oppstart i første fireårsperiode og vidareføring i siste seksårsperiode. Til saman er det snakk om 470 millionar kroner.

– Det ligg inne 290 millionar kroner for perioden 2014–2017 og 180 millionar frå 2018-2023, seier Navarsete.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.