Hopp til innhold

Ap-ordførar rasar mot rasløyvingar

– Regjeringa brukar berre lommerusk på rassikring i Sogn og Fjordane, seier Arbeiarparti-ordførar Martha Finden Halset i Vik.

Marta Finden Halset - stengd veg til Arnafjord

OPPLEVDE RAS: Marta Finden Halset opplevde sjølv av bli isolert på grunn av ras i Arnafjord. No rasar ho mot si eiga regjering.

Foto: Odd Inge Gjeraker/NRK

Av regjeringa sin milliard til rassikring, går halvparten av summen til fylkesvegane. Av desse pengane får Sogn og Fjordane 70,5 millionar kroner.

– Det er berre flaks at ikkje liv har gått tapt i vinter, seier Finden Halset og meiner løyvingane til rassikring er eit hån mot innbyggjarane.

  • Kva meiner du? Skriv i feltet nede i artikkelen.

– Berre lommerusk

I september i fjor løyvde regjeringa ein milliard kroner til rassikring i 2011, og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og kommunalminister Liv Signe Navarsete var stolte og glade over tidenes satsing på rassikring.

– Eg er så glad, saman med tusenvis av menneske rundt om i heile landet. Det er så bra at Magnhild får på plass desse pengane, sa Navarsete den gongen.

Men Ap-ordføraren i Vik er ikkje like glad. Ho går heller hardt ut mot si eiga regjering.

– Pengane er berre lommerusk når ein ser på alle dei rasutsette vegar og områder vi har i heile fylket, seier Finden Halset.

I vinter har ei rekkje vegar vore stengde grunna ras og fare for ras. På det meste har 20 vegar vore stengde samstundes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøskred i Veitastrond

ISOLERTE: Innbyggjarane i Veitastrond vart i helga isolerte på grunn av eit stort snøras.

Foto: John Molland

Glad for øyremerking

I eitt av desse områda rasa det stort i helga. Over 300 meter hardpakka snø isolerar no Veitastrond frå omverda. Leiar i rassikringsnemnda Asbjørn Nes kjenner på rasfaren kvardag.

– Det verste er å tenkje på ungar og slektningar køyrer der kvar einaste dag, seier Nes til NRK.no.

Strekninga til Hafslo har fått nokre løyvingar, men mykje står også att. Nes er glad regjeringa er starta med øyremerka tilskot til ras.

– Visst ikkje ville vi ikkje fått noko i det heile teke. Milliarden er viktig for oss, men det skulle vore meir pengar, definitivt, seier Nes.

Video Bevilger en milliard til rassikring

NETT-TV: Løyva ein milliard til rassikring i september 2010.