Hopp til innhold

Ras stengjer over 20 vegar

Eit stort ras av is, sørpe og snø stengde måndag morgon E39 i Jølster.

Video E39 stengt av snøskred

SJÅ: Mannskap er i 08-tida måndag morgon i full gang med arbeidet for å opne E39 i Jølster.

Måndag morgon er over 20 vegar i Sogn og Fjordane stengt grunna ras eller rasfare. I tillegg er det problem med overflatevatn fleire stader.

- Det er mykje som skjer på vegane i dag. Viss ein absolutt ikkje må ut med bil så kan det nok vere like greitt å halde seg heime, seier vaktoperatør Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane.

E39 stengt i Jølster

E39 er blant vegane som har vore stengde. Vel ein kilometer vest for Skei, ved Haugen Camping i Jølster gjekk det i 07-tida måndag morgon eit stort snø og sørperas over vegen.

- Det kom veldig brått på. Det er eit stort ras av snø og slaps. Vi trur det er omlag 200 meter breitt og vel 30 centimeter høgt, seier Ane Birkeland som er blant dei som står i kø.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video E39 stengt av ras på Jølster

SJÅ: Her fjernar dei massane frå E39.

NRK sin reporter Birger Meland er på staden og seier arbeidet med å opne vegen er i full gang.

- Akkurat no er E39 ei stor flod. Her er kome på plass både gravemaskin og traktor som prøver å ta unna vassmengdene i vegbana, seier Meland.

(Artikkelen held fram under biletet)

E39 stengt i Jølster

VATN: Under denne brua har det gått tett og det skapar store problem. Is og sørpe over E39 gjer at vegen har vore stengt sidan klokka 07 måndag morgon.

Foto: Birger Meland / NRK

Det er ei elv på staden som har gått over sine breidder og har tatt seg nye far som har skuld i problema.

- Dei prøver no å opne sjølve elvelaupet. Slik det er no er det ganske djupt med vatn og sørpe på vegen og det må vekk før vegen opnar, forklarar Meland.

Eit køyrefelt vart opna like før klokka 10.

Ein periode var også vegen langs sørsida av Jølstravatnet stengt. Ved 08.15- tida opna vegen att her.

Problem heile helga

Mildt vêr og nedbør i helga har skapt store problem langs vegane på vestlandet.

Måndag morgon er framleis ei rekkje vegar stengde og mange vil truleg ikkje opne att i dag.

Sørpeskred på E39 i Jølster

SØRPE: Eit stort sørpeskred har gått over E39 ved Skei i Jølster.

Foto: Birger Meland / NRK

- Der vegane er stengde må folk vente til det lysnar til dag før vegvesenet saman med entrepenørane tek ei vurdering på kor stor rasfaren er, og om det er forsvarleg å opne vegane, seier Molvær.

Også i Hordaland har det i helga vore store problem langs vegane. Måndag morgon er 25 strekningar stengde.

Mange isolerte

Minst seks bygder er isolerte som følgje av ras i Sogn og Fjordane.

Fleire hundre personar kjem seg dermed truleg verken til jobb eller skule måndag morgon.

Dette gjeld bygda Skjerdal i Aurland, Veitastrond og Urnes i Luster, Undredal i Aurland, Navelsaker i Eid, Otterdal i Hornindal.

I morgontimane måndag har vegtrafikksentralen fått melding om is i vegbana på fylkesveg 55 mot Gaupne. Det er passering på staden, men bilistar blir oppmoda om å ta det med ro. Folk er på veg for å rydde.

- Vêrmeldingane er så usikre at mange nok må bu seg på stengt veg ei stund til, seier Molvær.

Her er det stengt

  • E39 Skei i Jølster, ved Haugen Camping. Eitt køyrefelt opna i 09.30-tida.
  • Riksveg 13 Vikafjellet
  • Fylkesveg 1 Instefjord - Brekke
  • Fylksveg 8 Oppedal - Hest, ved Åkre
  • Fylkesveg 13 Dragsvik - Moskog, ved Feten
  • Fylkesveg 13 Dragsvik - Moskog, ved Renndalen
  • Fylksveg 53 Tyin- Årdal - stengt mellom Tyin og Holsbru
  • Fylkesveg 55 Vadheim - Dragsvik
  • Fylkesveg 92 Vik - Arnafjord. Fv 92 til Framfjord er opna att.
  • Fylkesveg 152 Balestrand - Menes (Ulvastad - Menes)
  • Fylkesveg 241 Gudvangen - Bakka
  • Fylkesveg 242 Aurlandsvangen - Skjerdal, ved Skjerdal
  • Fylkesveg 331 Urnes - Skjolden, ved Skjolden
  • Fylkesveg 337 Hafslo - Veitastrand
  • Fylkesveg 601 Langhuso - Undredal. Opnar klokka 11, men det blir nattestengt frå klokka 16.
  • Fylkesveg 615 Hyen - Sandane. Stengt frå Hyen til Hestenesøyra.
  • Fylkesveg 664 Heggjabygda - Navelsaker
  • Fylkesveg 664 Grodås - Otterdal. Blir ikkje opna i dag.
  • Fylkesveg 720 Hjelle i Stryn kommune
  • Fylkesveg 724 Briksdal - Olden, ved Oldedalen. Blir vurdert opna.
  • Fylkesveg 726 Hornindal - Haugen (Tomasgard - Haugen)

I tillegg er det fleire stader problem med overflatevatn.

Mellom anna gjeld dette på E39 mellom Moskog og Førde, ved Kusslid.

Ein innringar fortel også om problem på fylkesveg 610 mellom Eldalsosen og Sande. Her skal det ha gått fleire sørpeskred.

Sørpeskred på E39 i Jølster

STORT: Store mengder slaps, snø, is og vatn fløymde måndag morgon over E39 like vest for Skei i Jølster kommune.

Foto: Rune Molvik