Hopp til innhold

Mange vegar er stengde

Mildvêret fører til ei rekkje vegstengingar. På det meste var 16 vegar stengde berre i Sogn og Fjordane.

Kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet.

OPEN: Det vart innført kollonnekøyring på Hemsedalsfjellet laurdag grunna uvêr. Vegen er no open igjen for fri ferdsel.

Foto: Arne Eithun / NRK

Snøras på riksveg 5

RAS: Søndag ettermiddag gjekk eit større snøskred på riksveg 5 mellom Skei og Sogndal. Vegen er no open igjen.

Foto: NRK-tipsar

– Folk bør halde seg heime. Det er like greitt å la bilen stå med mindre ein har veldig viktige ærend, seier vaktoperatør Roger Nedbege Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

  • Oversikt over alle vegstengingane i Sogn og Fjordane heilt nede i saka.

Kaos på heile Vestlandet

Men mildvêret lagar også problem fleire stader på Vestlandet. I Rogaland vart ein bil treft av eit ras langs riksveg 13 mellom Sand og Erfjord, men ingen personar vart skadde. Vegen er no stengt, opplyser Vegvesenet.

I tillegg er fylkesveg 503 og riksveg 45 Hunnedalsveien i Rogaland stengt.

I Hordaland er riksveg 13 stengt på Vasstun også stengt på grunn av ras. Også riksveg 40 over Matrefjellet og vegen mellom Brimnes og Bruravik stengt.

Vegtrafikksentralen i Sogn og Fjordane opplyser til NRK.no ved 12-tida at det ikkje skal vere større problem på fjellovergangane mellom Vestlandet og Austlandet.

Uvêr på fjellovergangar

– Det har gått ei rekkje snøras og det er stor rasfare fleire stader. Vegane er difor stengde for å sikre trafikkantane no når det er så stor usikkerheit. Snørasa kjem fort, seier Nedberge Hille til NRK.no.

I tillegg til dei elleve vegstengingane, har uvêret slått på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland. Der er det kolonnekøyring. Det var kollonekøyring på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet fram til søndag morgon.

– Det var svært dårleg sikt på Hemsedalsfjellet. Der var det kolonnekøyring heile natta. På vegen mellom Hol og Aurland vart det laurdag ettermiddag innført kollonnekøyring.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hemsedalsfjellet, bommen ved Bjøberg

HEMSEDALSFJELLET: Bilane stod i kø og venta på kollonnebilen ved Bjøberg. Vegen var søndag opna igjen for fri ferdsel.

Foto: Statens vegvesen, nettkamera

Telefonen står ikkje stille

Telefonen til Vegtrafikksentralen i både Lærdal og Bergen har ringt i eitt heile laurdag. Dei har bemanna sentralane ekstra i helga grunna vêret som er meldt.

Vi har hatt nok å gjere. Det har vore full trøkk og telefonane har ringt i heile dag.

Vaktoperatør Roger Nedberge Hille

Statens vegvesen had også mykje folk ute på vegane laurdag for å sjekke rasfaren. Både geologar og anna mannskap har vore på hjul. Det kjem dei også til å vere i dag, søndag.

Førebudde på søndagen

Vaktoperatøren trur søndag kjem til å bli meir travel enn laurdagen, sidan vêrvarselet er verre for morgondagen.

– Vi er førebudde på auka aktivitet, men tida får vise korleis det eigentleg blir. Vi håpar folk held seg heime, og vi håpar at dei som må ut på vegane køyrer forsiktig, seier Nedberge Hille.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snøras på Vikafjellet

VIKAFJELLET: Det var dramatisk for mannskapet som skulle rydde vegen over Vikafjellet. 100 meter breidt snøras gjekk under vegrydding.

Foto: Statens vegvesen

Opna Kjøsnesfjorden igjen

Riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden mellom Skei og Sogndal vart natt til laurdag stengt grunna snøras. Vegen vart laurdag opna igjen.

– Kjøsnesfjorden blir ikkje stengt med mindre det går nye ras. Vi ser ingen grunn til å stengje den på noværande tidspunkt. Der har stabilisert seg der fordi det har blitt litt kaldare, opplyste Vegtrafikksentralen ved 19-tida laurdag.

Desse vegane er stengde per søndag klokka 17.00:

Desse vegane har opna igjen:

  • Fylkesveg 722 mellom Sunde og Flo
  • Opna igjen ved 13-tida. Ny vurdering om evt. nattstenging blir avgjort søndag kveld.
  • Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord
  • Vart stengt på grunn av fare for ras. Vart opna laurdag morgon.
  • Riksveg 5 mellom Skei og Sogndal
  • Stengt på grunn av eit større snøras. Vegen er no open igjen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.