- I dag har vi gjort ein tur med luftputebåten med folk ombord. Så det fungerer iallfall til ein viss grad, seier John Molland.
Han er leiar i bygdelaget på Veitastrond, og er glad for at bygdefolket endeleg kan komme seg ut av bygda etter nokre dagar med isolasjon.
- LES OGSÅ:
Laurdag gjekk det eit 300 meter breidt snøskred i Utladalen. Skredet kombinert med dårleg vêr gjorde at det søndag ikkje var mogleg å reise til og frå Veitastrond - heller ikkje med luftputebåt eller helikopter.
Måndag gjer mildare og rolegare vêr at luftputebåten no kan brukast.
- LES OGSÅ:
- Det betyr nesten alt for oss. No er vi ikkje totalt isolerte. Vi kan transportere folk, post og varer, seier Molland.