Det er ikkje berre fylkesvegen mellom Hafslo og Veitastrond
. Også Ulvestad - Menes i Balestrand og Gudvangen - Bakka i Aurland er stengde. I tillegg er Bødal - Loen stengd ved Hogrenning i Stryn på grunn av fare for snøskred.- LES OGSÅ:
Vikafjellet og fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er stengd på grunn av uver.
- Vi har ikkje fått noko avklaring på når vegane kan opne. Vi får sjå kva som skjer utover dagen, seier operatør Kai Jonny Bugjerde ved Vegtrafikksentralen.
Isnedfall i Sunnfjord
Fylkesveg 337 til Veitastrond vart stengd laurdag av eit kring 300 meter breidt snøskred. Vegen er tidlegast venta opna førstkomande torsdag. I Aurland vart fylkesvegen til Bakka stengd etter fleire snøskred i førre veke.
- LES OGSÅ:
Både meteorologar og NGI åtvarar mot lokalt stor snøskredfare. Før både Vikafjellet og Tyin - Årdal blir opna, blir det gjort ei skredfarevurdering også her.
- LES OGSÅ:
Dei frå Førde til Naustdal vere klar over at det har kome ned noko isfall utanfor Erdal. Har ikkje fått rydda, men folk er på veg. Kan kome brått på.