Hopp til innhold

Går for medalje i junior-VM

Karoline Erdal er på plass i Slovakia. Den neste veka skal ho bryne seg mot verdas beste juniorar.

Sesongstart skiskyting 2016 på Sjusjøen.

SPENT: Karoline Erdal gler seg til å konkurrere i junior-VM, og håpar å kjempe i teten.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Eg trur forma er bra. Det kjennest slik ut. Vi får sjå kva det held til, men medalje er håpet, seier 19-åringen frå Førde.

Tidlegare i år vart ho beste norske under fellesstarten på Sjusjøen og gjekk like godt inn til ein fjerdeplass. I EM var ho med på stafettlaget som sikra seg sølv. No ventar det som i grunn var sesongens store mål. Junior-VM i Slovakia. Der er ho ein av tittelforsvararane på sprinten.

– Eg går i klasse med dei som er 20 år og eldre også, så det er fleire tittelforsvararar. Eg har tatt med meg lærdom frå det eg har vore med på tidlegare i år, korleis eg skal takle det mentale mellom anna. Det tek eg med meg, seier ho.

Også trenaren har trua

Torsdag går normaldistansen, sprinten går laurdag før det er jaktstart søndag og avsluttande stafett tysdag. Både ho og trenaren trur ho har like gode sjansar til å gjere det bra i alle øvingane.

Roger Grubben

FORVENTINGAR: – Eg gler meg veldig til jaktstarten. Det er noko heilt anna enn på nasjonalt nivå. Der kan dei skaffe seg positive erfaringar og bygge sjølvtillit som dei tek med seg til seniornivå, seier trenar Roger Grubben.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Ho er ein god skiskyttar, som er godt fysisk trent og ein god skyttar. Ho har alle ferdigheiter til å kunne hevde seg. Med veldig gode løp så kan ho ta medalje, seier trenar for juniorlandslaget, Roger Grubben.

Erdal og resten av laget er på plass i Slovakia og skal bruke dei neste dagane til å gjere seg kjende med anlegget og prikke inn toppforma. For Erdal betyr det mykje trening i forkant, så ein roleg periode og no ventar korte, men presise økter.

– Eg er spent og gler meg til å gå, og ikkje minst konkurrere med jamaldringar internasjonalt.

Også trenaren er spent på kva Erdal og dei andre leverer i løypene.

– Hovudmålet er at dei skal skaffe seg internasjonal erfaring. Dei skal få prøve og feile, og kanskje ha sjansen til å kjempe i toppen. Juniorane konkurrerer sjeldan mot kvarandre internasjonalt, så vi har mindre oversikt over nivået enn på seniornivå.