Hopp til innhold

Sørgjer over fylket – skapar ny industri

FØRDE (NRK): Matilde (21) var i sorg over at fylket hennar snart ikkje finst lenger. No er ho pioner i ein ny nostalgi-industri.

På armen har Matilde Ulleland Kvammen ein tatovering som les: Førde, Sogn og Fjordane.

EVIG PÅ KROPPEN: Tatoveringa les «Førde, Sogn og Fjordane». Matilde Kvammen har heimbyen og fylket med seg til ein kvar tid.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Snart forsvinn heimfylket til Matilde Ulleland Kvammen frå kartet.

Som trøyst laga 21-åringen ei t-skjorte til minne om fylket ho elskar og har vakse opp i. Det var Firda som først skreiv om saka.

– Eg ville ha noko å gå med til minne om Sogn og Fjordane, og eg tenkte at det var det sikkert fleire som ville, fortel ho.

Opphavleg trykte ho opp 25 skjorter til venner og nære, men etter at ho la dei ut til sals på Facebook, hagla det lynkjapt inn over 700 bestillingar.

Matilde Ulleland Kvammen med Sogn og Fjordane t-skjorta ho har laga

TIL MINNE: «Vekke frå kartet, men evig i hjartet.» Sitatet blei skrive av Marie Havnen i avisa Firda for to år sidan, og Matilde klarte aldri å gløyme det.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Eg blei bombardert med meldingar på Facebook og på privaten, i tillegg til at folk ringde. Det var heilt sjukt, ler ho.

No skal t-skjortene ut til alle som vil trøyste seg med ein suvenir frå det svinnande fylket.

Inspirerte langt utover fylkesgrensene

Idéen har spreidd seg utover dei foreløpige grensene til Sogn og Fjordane, heilt opp til Finnmark. Olav Sara Nikkinen frå Karasjok høyrde om prosjektet då han var på reise i Førde.

Olav Sara Nikkinen

BLEI INSPIRERT: Finnmarkingen Olav Sara Nikkinen blei inspirert av Matilde Kvammen då han var på familiebesøk i Sunnfjord. Han tok med seg idéen nordover.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

– Det er ein form for protest. Mange finnmarkingar syns ikkje noko om fylkessamanslåinga med Troms.

Etter ein samtale med Matilde Kvammen, var det klart for han at dette kunne slå an i Finnmark òg, der motstanden mot samanslåinga med Troms har vore enorm.

Ein måte å vise fingeren på

Trond Blindheim

FORSTÅR FENOMENET: Trond Blindheim kan forstå at regionreforma er fjern for mange, og at folk vil slå ring om det gamle.

Foto: Markedshøyskolen

Sosiolog Trond Blindheim ved Universitetet i Oslo meiner nostalgien som veks fram rundt fylka, kan vere ein måte for folk å uttrykke motstand.

– På ein måte er det jo å vise fingeren til dei som har bestemt dette, seier Blindheim.

Stor identitetsendring

Påtroppande fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), trur mykje av utfordringa botnar i det at me er glad i vårt nære og kjære. Han forstår godt kva som ligg i frustrasjonen.

– Ein rokkar med mykje av identiteten som bind oss saman, seier han.

Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland

HAR TRUA: Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), oppfordrar til å lage forteljingar og klede som famnar om det nye fylket, og å møte framtida med opne armar.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Han trur dei gamle fylkesnamna kjem til å henge igjen i ein del år framover, men at folk vil tilpasse seg, og at overgangen vil vere ganske smertefri.

– Me må sjå tilbake på dei gode minna, og så må me laga gode forteljingar frå det nye fylket vårt òg.

Nostalgi tenner ei flamme

Etter gjenforeininga av aust og vest i Tyskland i 1991 oppstod fenomenet «ostalgi», lengselen etter den austtyske kulturen frå den kalde krigen. Dette har blitt ein omfattande industri med suvenirar, samleobjekt og klede.

Det er tvilsamt at fylkessamanslåinga kjem til å skape ein milliardindustri, men ifølgje Matilde Ulleland Kvammen verker det som interessa brer seg.

– Eg opplever at det er fleire som bur i andre fylke som seier «dette skulle me gjort her», fortel ho.

Matilde Ulleland Kvammen er blid, trass i at ho sørgjer over at fylket, kommunen og huset hennar ligg an til å forsvinne.

KAN MISTE HUSET: For Kvammen er det ikkje berre fylket og kommunen som er i ferd med å forsvinne. Huset ho vaks opp i skal rivast, til fordel for utviding av E39. – Derfor er det litt ekstra sårt. Dei tek fylket mitt, kommunen min og huset mitt.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Kvammen tykkjer spesielt namna som kjem med kommune -og regionsamanslåinga er komiske.

– Eg kjem til å komme frå Sunnfjord, i Sunnfjord distrikt, i Vestland fylke, på Vestlandet. Det er så lite kreativt som du får det, ler ho.

Så om ein mogleg reversering av fylkessamanslåinga kjem opp, då står du øvst på barrikadane?

Dersom det finst ein sjanse for at det kan gjerast om, er eg der.