– Fisken som har rømt frå slakteriet har gått opp i fleire elvar, både innover i Sognefjorden, men vi har også hatt gjenfangst lenger nord i fylket, seier John Anton Gladsø hjå Fylkesmannen.
Det er ein dryg månad sidan dei 17.000 laksane fann ei opning i ein stor merd ved Slakteriet Brekke i Gulen. Dei sumde ut og har no spreidd seg til mange ulike fjordarmar og elvar i fylket.
Fylkesmannen har gjeve ulike elvelag løyve til å sjekke sine elvar og fange dei oppdrettslaksane dei finn.
– I tillegg har Fiskeridirektoratet gitt pålegg til slakteriet om å undersøke ulike elvar i sognefjordsystemet, seier han.
Gladsø seier at dersom kjønnsmoden oppdrettslaks går opp i elvane, vil den kunne gyte med villaksen.
– Det vil påverke den ville fisken. Dei kan kome til å gyte saman, og genane frå oppdrettsfisken kan då gå til villfisken.
– Hastar det å få opp fisken før han får blande seg med villaksen?
– Ja, det er ein stor fordel å få dei opp.
Kan bli færre villaksar
Både veksten og alderen til villfisken kan bli påverka, men også tilbakevandringa til elvane dei kjem frå, seier Gladsø.
– På sikt kan ein få ein nedgang i villakspopulasjon i dei elvane.
Dei rømde laksane frå Gulen har altså spreidd seg til andre stader enn berre Sognefjorden. I elva Nausta i Naustdal har dei allereie fiska opp fleire som stammar frå slakteriet.
– Dei siste to vekene har det kome oppdrettslaksar til Nausta, seier Eiliv Erdal i elveeigarlaget der.
– Viss noko av denne fisken er gytemoden, så er det potensielt katastrofalt for enkelte vassdrag.
Erdal understrekar at i Nausta er dei relativt heldige. Der har bestanden villaks vore høg. Men han er særleg uroa for både Flåmsvassdraget og Lærdalselvi der villaksbestanden er meir truga. Fylkesmannen stengde tidlegare i år fisket etter laks og i Flåmselvi.
Nullvisjon
For ei veke sidan sa fiskeriministeren at han krev ein stopp i lakserømmingar. Til no i år har nesten 300.000 laksar rømt i heile Noreg.
– Eg vil sjå handling frå næringa. Eg ønsker svar på kva konkrete tiltak dei meiner vil få ned talet rømmingar – raskt, sa Harald Tom Nesvik (Frp) til NRK.
Robert Eriksson i Sjømatbedriftene svara då at dei skal ta tak i problemet. Saman med tre andre organisasjonar la dei fram fleire ulike tiltak.
– Næringa er heilt avhengig av å få kontroll på fisken og få redusert rømmingane. Gjennom desse tiltaka viser vi at ein nullvisjon ikkje berre er ord, seier Eriksson.