Hopp til innhold

Fryktar konsekvensane av ny kraftavtale

Leiaren i LO Ytre Sogn fryktar at ein ny kraftavtale med EU vil bety slutten for industrien i Sogn og Fjordane. – Den uroa er veldig misvisande, seier Frida Melvær (H).

Høyanger sentrum - sett frå Sandvika

HØYANGER: Høyanger Metallverk er ei av verksemdene som LO Ytre Sogn meiner vil bli hardt råka dersom Norge går inn i ACER.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Sogn og Fjordane vi vil bli grusomt hardt ramma om dette bli vedteke. Det er ikkje sikkert det er grunnlag for å drive industri her lengre om straumprisane blir slik som vi fryktar, seier Lars Kjetil Skeie, leiar i LO Ytre Sogn.

Skeie fryktar konsekvensane dersom Norge går inn i EU sitt energibyrå, ACER. Neste veke skal energi og miljøkomiteen på Stortinget ta ei førebels avgjerd om Norge skal bli med i EU sin såkalla tredje energimarkedspakke.

Utfasing av industrien

Førre veke var det demonstrasjonar over heile landet, der fagrørsla viste sin motstand mot den aktuelle avtala. Måndag skal LO Ytre Sogn halde folkemøte om saka i Høyanger.

– Den einaste effekten av dette er at straumprisen og nettleiga til norske forbrukarar vil gå opp. Innanfor ACER-området skal det ikkje vere større prisforskjell enn 2 øre per kilowatt. Dersom Acer sitt regelverk slår inn her, så får vi ein dobling av straumprisane, meiner Skeie, som fryktar dette vil bety starten på ei utfasing av industrien i Sogn og Fjordane.

Norsk Industri har tidlegare gått ut og sagt at dei ikkje trur at EU sitt energibyrå ACER vil true industriarbeidsplassar i Norge.

Lars Kjetil Skeie, tilitsvald Hydro Høyanger

SKAL HALDE FOLKEMØTE: Lars Kjetil Skeie er leiar for LO Ytre Sogn, dei har invitert til folkemøte i Høyanger på måndag om kraftavtala med EU.

Foto: Kaia Viki / NRK

Fryktar for sjølvråderetten

– Den største frykta er at vi ikkje lengre vil ha råderett over våre eigne ressursar, og at vi mister vetoretten i saker som handlar om norsk kraftpolitikk. Dette blir ei kraftig svekking av sjølvråderetten, seier Hilmar Høl.

Fylkesleiaren i Arbeidarpartiet fryktar også konsekvensane dersom Norge går inn i ACER, og meiner ein bør seie nei til delar av avtalen.

– I det nordiske kraftsamarbeidet er det heilt andre prisar enn i EU, men går vi inn i ACER så vil det vere andre som set vilkåra. For kraftprodusentane vil det vere ei gullgruve, seier Høl.

Vil ikkje påverke straumprisane

Smilande Frida Melvær

IKKJE BEKYMRA: Frida Melvær (H) meiner at avtala med EU ikkje vil føre til høgare straumprisar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Norsk energipolitikk skal styrast frå Norge. Det er ikkje noko ønskje frå regjeringspartia at ein skal gje frå seg råderetten over kraftressursane, seier stortingsrepresentant Frida Melvær (H).

Ho meiner at uroa for auka straumprisar og ein svekka sjølvråderett er misvisande.

– EU har ein tanke om at ein skal prøve å harmonisere straumprisane i Europa meir, men det betyr ikkje at dei gjennom denne avtalen kan påverke prisane i Norge, seier ho.

Arbeidarpartiet kan avgjere

Når saka skal opp i Stortinget 16. mars er det mykje som tydar på at Arbeidarpartiet vil ha ei avgjerande stemme.

Ingrid Heggø (Ap) meiner regjeringa ikkje har klargjort ordentleg kva konsekvensar avtalen kan få for Norge.

– Eg fryktar at vi styrer mot fri flyt av krafta og energien, og at det vil medføre dyrare straumprisar dersom vi skal opp på europeisk prisnivå. Dette vil bety kroken på døra for for eksempel Høyanger verk, seier ho.

Heggø seier at ho vil seie nei til avtalen, dersom regjeringa ikkje kan komme med garantiar for at dette ikkje vil skje.