NRK Meny
Normal

Administrasjonen i Helse Førde rår frå dagkirurgi på Eid

Administrasjonen i Helse Førde går ikkje inn for at Nordfjord sjukehus skal ha eit dagkirurgisk tilbod.

Bolstad og Ulvedal

IKKJE BEREKRAFTIG: Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, meiner det ikkje er berekraftig med dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Til høgre kommunikasjonssjef Terje Ulvedal.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Etter ei samla vurdering har administrerande direktør Jon Bolstad konkludert med at det ikkje er grunnlag for å etablere eit fast dagkirurgisk tilbod ved Nordfjord sjukehus, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

– Hovudårsaka til at eg meiner ein primært ikkje skal etablere eit nytt tilbod, er at vi dekkjer veldig godt behova til befolkninga i heile Sogn og Fjordane med å ha dagkirurgi på to plassar i dag, seier Bolstad til NRK.no.

Vil ikkje vere berekraftig

Då ein arbeidde med utviklingsprosjektet ved Nordfjord sjukehus med tanke på framtidas lokalsjukehus, vart det ikkje konkludert eintydig med tanke på grunnlaget for å etablere permanent dagkirurgi.

Det vart frå fleire instansar oppmoda om at dette vart gjort på nytt, og det arbeidet er no administrasjonen ferdig med.

Ifølgje ei pressemelding frå Helse Førde konkluderer administrasjonen om at dagkirurgi på Eid ikkje vil vere berekrafta.

(Artikkelen held fram under videoen)

Etter en ny vurdering av dagkirurgi på Nordfjord sjukehus forklarer Jon Bolstad hvorfor en fraråder dagkirurgi.

SJÅ INTERVJU: Administrerande direktør Jon Bolstad grunngjev kvifor han ikkje ynskjer dagkirurgisk tilbod i Nordfjord.

Vi har engasjert våre fagfolk til å gå igjennom alle pasientar som har fått dagkirurgi i 2013 frå Nordfjord-regionen. Vi har sett på type diagnose og inngrep, og konklusjonen er at pasientgrunnlaget er veldig lite. Det er utruleg stor breidde i dei problemstillingar som skal handsamast. Difor trur eg ikkje det er ynskje heller når det gjeld økonomi, for det vil koste meir per pasient når dette er løyst på ein veldig god måte i dag, seier Bolstad.

– Kor mykje meir?

– Per operasjon er meirkostnaden vel 20.000 kroner.

Støre ville ha dagkirurgi

Per i dag er det ikkje tilbod om dagkirurgi ved Nordfjord sjukehus. Ulike rapportar har derimot vist til at det er behov for eit slikt tilbod.

Tidlegare helseminister Jonas Gahr Støre (Ap) signaliserte også at han ønskte dagkirurgi i Nordfjord.

– Det er ikkje tvil om at det som ministeren kommenterte, tal frå 2010, gav høgare volum av pasientar enn det vi ser realistisk med oppdaterte tal frå 2013, seier Bolstad til NRK.no.

Bjørlo kjøper ikkje forklaringa

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), kjøper ikkje argumentasjon til Bolstad om at det er hovudsakleg fagleg årsaker til at dei seier nei til å etablere dagkirurgisk tilbod i Eid.

Alfred Bjørlo

MÅ VURDERE: Alfred Bjørlo (V) er lite nøgd med avgjerda til Helse Førde, og seier dei no må vurdere kva dei gjer vidare.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Han presiserer at sjukehuset vart med på utviklingsprosjektet under føresetnad av at konklusjonane vart respekterte.

– Vi ser at alle helseføretak får dette til, også på sjukehus som er mindre enn Nordfjord sjukehus. Andre helseføretak har meldt inn i høyringsprosessen at dei er høgst overraska over logikken i det Helse Førde gjer med Nordfjord sjukehus, seier han og held fram:

– Ein kan vel i alle fall seie det slik at utviklingsprosjektet, som er det beste faglege ekspertisen, har heilt andre vurderingar av betydninga av å ha eit dagkirurgi på eit sjukehus. Og andre norske helseføretak har ei heilt anna vurdering av korleis ein faktisk gjer dette for å få det til på ein god måte.

Operere grå stær?

Direktør Bolstad peikar på alternativ, dersom andre grunnar enn dei faglege, opnar for dagkirurgisk tilbod.

Eit slikt alternativ kan motsvare ein plass mellom 40 og 60 operasjonsdagar i året ved Nordfjord sjukehus.

Men ein føresetnad for eit slikt alternativ, er at helseføretaket får ekstra midlar. I tillegg må andre faglege og organisatoriske føresetnader på plass.

– Det er ikkje tvil om at det arbeidet vi har gjort med å gå igjennom alle desse 1181 pasientane, peikar på særskilt ei gruppe. det er eldre pasientar og dei har same diagnose, grå stær operasjonar. Der kunne ein lagt eit tilbod til Nordfjord sjukehus og prøvd organisere på ein god måte. På denne måten kunne eldre og skrøpelege unngått reise langt og ikkje trengt å ha følgje. Dersom ein gjer noko, så er dette første gruppe ein bør gjere noko med, seier Bolstad til NRK.no.

– Eit spel frå galleriet

Tre av Nordfjord-ordførarane var for ei veke sida i møte med noverande helseminister Bent Høie (H) for å fremje sine argument for at Nordfjord sjukehus skal ha dagkirurgisk aktivitet.

Nordfjord sjukehus skal vere ein nasjonal pilotmodell for framtidas lokalsjukehus. I rapporten om framtidas lokalsjukehus står det at dagkirurgi vil vere fornuftig.

– Det må arbeidast vidare med saka, og det vil nok måtte brukast meir tid inn mot Helseministeren så han kan gå inn og leggje sterkare føringar på Helse Vest før den endeleg avgjerda skal takast innan kort tid, seier ordførar i Stryn, Sven Flo (H) og fryktar at opninga for annan type kirurgi er eit spel for galleriet.

Kostar millionar

Men fleire av styremedlemmene i Helse Førde har signalisert at dei ikkje vil gå inn for dagkirurgi, rett og slett fordi dei har eit ansvar for andre tenester også.

Bolstad seier ein avheng av strenge prioriteringar eller friske midlar om det skal på plass eit dagkirurgisk tilbod på Nordfjordeid.

– Først og fremst kostar det nokre millionar kroner å etablere, då må ein få på plass pengar til investering og så kjem driftskostnadene i tillegg. Ein må anten prioritere noko annan stad i fylket eller finansiere med nye midlar utanfrå.