Hopp til innhold

Styreleiaren i Helse Vest vil legge vekt på kva helseministeren meiner om dagkirurgi

– Vi legg sjølvsagt vekt på kva ein statsråd meiner, men ein statsråd kan berre styre Helse Vest gjennom føretaksmøte og ikkje via brev, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest.

Oddvard Nilsen

HAR MERKA SEG BREVET: Styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest.

Foto: Borgen, Ørn E. / SCANPIX

Torsdag vart det kjent at helseminister Jonas Gahr Støre har sendt brev til Helse Vest med eit klart råd: Nordfjord sjukehus bør ha dagkirurgi.

Frist til 10. november

Statsråden har gitt Helse Vest frist til 10. november med å rapportere til departementet om dagkirurgi bør vere ein del av framtidas lokalsjukehus. Styreleiar Oddvard Nilsen reknar med at dei skal greie å halde den fristen.

– Det reknar eg med, utan at eg har snakka med sakshandsamaren.

Oddvard Nilsen har enno ikkje fått lese brevet frå Gahr Støre, men han er kjend med innhaldet.

– Eg har heile tida sagt at det skal vere ein brei høyringsprosess knytt til Nordfjord sjukehus. Ingen konklusjonar skal trekkjast før alle er blitt høyrde. Høyringsprosessen skal vere brei, den skal bli teken på alvor, og vi brukar den tida vi treng på den.

Jonas Gahr Støre

SET FRIST TIL 10. NOVEMBER: Helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: NRK

– Viktig med ryddig proses

Han seier at det som til slutt blir avgjort har konsekvensar, både fagleg og økonomisk.

– For oss er det svært viktig at prosessen blir ryddig, slik at når vi er ferdige blir det fred og ro rundt Nordfjord sjukehus. Eg merkar meg brevet frå statsråden, men prosessen framover må fylgje dei rette spora.

Har god tru på dagkirurgi

Og ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid rosar Oddvard Nilsen og Helse Vest for den prosessen som no er i gang rundt Nordfjord sjukehus.

– Eg vil berømme Helse Vest og Nilsen for å ha køyrt ein ekstremt ryddig og god prosess rundt utviklingsprosjektet generelt og dagkirurgi spesielt. Alle har kome til orde, og vi har fått på bordet all kunnskap om saka.

Bjørlo meiner alt peikar i retning av at det blir dagkirurgi på Nordfjordeid.

– Alle faglege og økonomiske råd er eintydige: Skal du ha eit komplett framtidas lokalsjukehus på Nordfjordeid som nasjonal modell så må dagkirurgi vere ein del av heilskapen.