Hopp til innhold

Dagkirurgi ikkje avgjort enno

– Helse Vest kjem ikkje til å bestemme seg for om det skal vere dagkirurgi ved sjukehuset på Nordfjordeid før etter årsskifte. Det seier administrerande direktør Herlof Nilsen.

Nordfjord Sjukehus
Foto: Ottar Starheim / NRK

Helse Vest hadde frist på seg til 10. november med å svare helsedepartement om dagkirurgi bør vere ein del av framtidas lokalsjukehus.

– Me sender no eit brev til departementet der vi seier at vi er midt ein prosess knytt på til dette spørsmålet. Og at vi siktar oss inn på å styrebehandle saka på første styremøtet over nyttår.

I oktober vitja dåverande helseminister, Jonas Gahr Støre sjukehuset på Nordfjordeid. Etter vitjinga sende han brev til Helse Vest med eit klart råd: Nordfjord sjukehus bør ha dagkirurgi.

Herlof Nilssen

DAGKIRURGI: Adm. dir Herlof Nilssen i Helse Vest

– Me har notert oss brevet frå Jonas Gahr Støre, seier Nilssen.

– I utgangspunktet er det slik at ei kvar styring frå departementet skjer gjennom føretaksmøtet. Men det er klart at me lyttar til dei meiningane statsråden har, anten det kjem i form av brev eller talar.

Ny vurdering av dagkirurgi

Nilsen seier dei no er inne i ein prosess der dei går gjennom grunnlaget for dagkirurgi på ny. Dei siste høyringsuttalane til rapporten om framtidas lokalsjukehus, fekk dei inn i september.

– Det pågår no arbeid i både Helse Førde og Helse Vest knytt opp til dette, me reknar som sagt med å vere klar til det første styremøtet etter nyttår, og som eg meiner er i byrjinga av februar.

Trur på dagkirurgi

Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, er optimistisk med tanke på kva som kjem ut av arbeidet som no går føre seg om dagkirurgi ved sjukehuset i Eid.

Alfred Bjørlo

Optimist: Alfred Bjørlo, ordførar i Eid

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er klart vi er utolmodige, men samstundes så er eit godt og riktig resultat viktigare ein månad frå eller til for når det kjem.

Bjørlo har all respekt for at ein no køyrer ein skikkelege prosess, ikkje minst med tanke på at det no har kome ei ny regjering og ein ny statsråd, før ein tek ei avgjerd.

– Men eg er mindre i tvil om kva som blir det endelege utfallet. Vi har og fått ein ny helsestatsråd som allereie i Stortinget har gitt same signal som Jonas Gahr Støre nemleg at alle faglege instansar seier at skal du ha heit godt fungerande lokalsjukehus må dagkirurgi vere ein del av tilbodet