Hopp til innhold

Vert einaste sjukehus utan dagkirurgi - no protesterer både politikarar og tilsette

Framtidas lokalsjukehus her i landet kan bli utan operasjonar. Nordfjord sjukehus blir pilotmodell. Men både tilsette og politikarar krev at operasjonssalen opnar igjen.

Created by InfoDispatcher

Vil ha operasjonssove på Nordfjordeid

Regjeringa har peika ut Nordfjord sjukehus som framtidas lokalsjukehus, og det skal vere ein pilotmodell for heile landet.

– Det er ikkje tvil om at det kjem på plass mange tilbod her som er av stor nytte for dei som bur i Nordfjord, og mange tilbod som gjer at ein får behandling som mange treng, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo.

Han peikar på at spesielt eldre, og dei som har problem med å komme seg rundt, får god nytte av dette.

Er ein naturleg del av tilbodet

Men på same tid er operasjonssalane stengde. Ingen vil bli opererte på Nordfjord sjukehus. Det forargar Bjørlo.

– Det som no manglar er ein dagkirurgisk aktivitet. Vi veit at behovet er enormt, og at det samtidig går føre seg ein enorm pasientflukt vekk frå Nordfjord og Sogn og Fjordane. Det er ei teneste som er ein naturleg del av tilbodet på eit lokalsjukehus, seier Bjørlo.

Han legg til at det paradoksale er at Nordfjord sjukehus skal vere ein nasjonal modell for framtidas lokalsjukehus, men er også det einaste sjukehuset i landet som ikkje har dagkirurgi.

– Det er ein dramatisk situasjon viss det blir forankra frå høgste hald at lokalsjukehus ikkje skal drive dagkirurgi. Det vil rulle ut over heile landet i åra som kjem, seier Bjørlo.

Kommunane står samla om kravet

Han understrekar at det er samrøystes vedtak i alle kommunestyre om å kjempe for dagkirurgi.

Også andre stadar i landet, vekkjer løysinga i Nordfjord undring. I eit høyringsbrev skriv mellom anna Helse Nord at dagkirurgi er viktig i framtidas desentraliserte helseteneste.
Også dei tilsette protesterer, og meiner pasientane treng det ekstra tilbodet.

– Også langt inn i spesialisthelsetenesta stiller dei seg uforståande til at ein ikkje har fått på plass eit tilbod innan dagkirurgi som kan skape den heilskapen som ville gitt eit robust framtidas lokalsjukehus, seier Bjørlo.

– Men er ikkje litt av poenget at ein skal prøve litt nye ting?

– Jau då, men det nye her er at det vert mindre klassiske døgnavdelingar. Vi har ikkje tenkt å ta omkamp på det å ha ei full ortopedisk avdeling med døgnbehandling. Dette handlar om dei enkle dagkirurgiske tenestene som mange treng, seier Bjørlo.

Meiner behovet er grundig dokumentert

Han seier at det er dokumentert i rapportane rundt framtidas lokalsjukehus at det er stort nok volum i Nordfjord at det er rett å ha eit slikt tilbod.

– Det handlar også om kompetanse for dei som jobbar her, seier Bjørlo.

Han legg til at dei tilsette har påpeikt at dersom ein over tid skal ha kvalitet og kompetanse, så er det meir krevjande å få til, dersom ein ikkje har dagkirurgisk aktivitet.

– Det er nok ikkje tilfeldig at absolutt alle andre lokalsjukehus i landet har dette, seier Bjørlo.

Han peikar også på at alt utstyr er på plass for å ha dagkirurgi på Nordfjord sjukehus.

– Lokala ligg til rette, og alt er perfekt organisert. Det er berre å byrje med aktiviteten att. Eg er optimistisk til at vi får dette til, seier Bjørlo.

Meiner tilbodet passar folk i regionen

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, peikar på alt ein har fått på plass på Nordfjord sjukehus.

– Dette er det vi kallar infusjonspoliklinikk. Det betyr at folk kan få cellegift, blodoverføringar og ein del andre ting som dei skal ha, seier Bolstad.

Han er svært nøgd med alt som er komme på plass.

– Vårt utgangspunkt er at dette skal vere noko som passar dei som bur her i Nordfjord-regionen, seier Bolstad.

Ifølgje Bolstad er det no mange pasientar som ikkje kunne få eit helsetilbod lokalt, som no får det.

– I tillegg lagar vi nye måtar å arbeide på, der fagfolk set seg i hop og lagar planar rundt einskildpasientar. Dei møter spesialistar her på Nordfjordeid som dei tidlegare måtte reise langt for å møte, seier Bolstad.

Same om ein reiser éin time, eller to

Han meiner det vert feil å sjå seg blind på at Nordfjord sjukehus er einaste lokalsjukehus utan dagkirurgi.

– Ein skal ikkje hengje seg opp i at ein er den einaste utan. Viss dette er framtidas lokalsjukehus, så kan det hende at denne modellen er nettopp det. Dagkirurgi er kanskje ikkje nødvendigvis det viktigaste, seier Bolstad.

Han seier mykje av dagkirurgien handlar om folk som har venta lenge på ein legetime.

– Om ein då reiser ein time eller to timar, er ikkje det som er avgjerande. Det er sluttresultatet som tel, seier Bolstad.

Han legg til at det alltid vil vere rett å vurdere tilboda til lokalbefolkninga.

– Avveginga er at ikkje alle har ei diagnose i Nordfjord. Det er mange typar ting som er dagkirurgisk i dag. Klarar ein å organisere ei verksemd både økonomisk og fagleg på ein god måte, så er det hovudspørsmålet, seier Bolstad.