Hopp til innhold

Bebuarar fortvilte etter nedlegging av Sogndal mottak

UDI har bestemt å leggje ned det statlege asylmottaket i Sogndal. Mottaket har 140 plassar og er eit av dei eldste mottaka på Vestlandet.

Bebuarar på Sogndal mottak

VEIT IKKJE KVA DEI SKAL GJERE: Rojin Hamo og Amna Jaffari er fortvilte over at mottaket i Sogndal skal leggje ned.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Eg veit ikkje kva eg skal gjere no. Eg likar meg så godt her, og eg vil ikkje reise vekk frå venene mine. Her i Norge har vi ikkje noko familie, då blir venene det einaste vi har, seier Rojin Hamo frå Syria.

Amna Jaffari frå Afghanistan er samd.

– Vi må vel flytte på oss igjen, til ein ny plass. Eg veit ikkje kva slags folk vi kjem til å møte der.

Også dei tilsette på mottaket er i litt dårleg humør i dag.

– Vi fekk meldinga i går, og vi tykkjer det er veldig trist, seier mottaksleiar Dag Olav Osen.

Folk har budd der i mange år

Mottaket i Sogndal har vore i drift sidan 2001, og fleire av bebuarane har budd der i mange år.

– Vi har mellom anna ein som har budd på mottaket sidan 2003. Mange av dei som bur her er godt etablerte i Sogndal, og har fått seg eit nettverk i bygda, seier Osen.

Sogndal statlege mottak

BLIR LAGT NED: Sogndal statlege mottak blir lagt ned frå 30. april.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Mottaksleiaren fortel at siste dag på mottaket blir 30. april i år.

– Vedtaket om nedlegging gjeld frå 1. februar, og så held vi oppe drifta ut oppseiingstida til dei tilsette, seier Osen.

Sogndal statlege mottak har kring 140 bebuarar, og sju tilsette. Mottaksleiaren har allereie rukke å få prate med ein god del av dei.

– Vi har sendt ut melding til alle som bur her, og eg har prata med fleire av dei. Dei fleste er veldig triste, fordi dei likar seg så godt her. No blir det vår jobb å samarbeide med UDI om å finne nye mottak til dei.

Dag Olav Osen Sogndal statlege mottak

TRIST: Dag Olav Osen tykkjer det er trist at Sogndal mottak blir lagt ned. Han er mottaksleiar.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Mange færre på norske mottak

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) seier at han tykkjer det er leit at mottaket i kommunen no forsvinn.

– Det er eit veldig velfungerande mottak, som har eit godt samspel med kommunen.

4. januar 2016 budde det 30 317 på norske mottak, i dag er talet nede i 4980.

Ordførar Jarle Aarvoll framfor kommunehuset i Sogndal

TRIST: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal tykkjer det er trist med nedlegginga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Aarvoll set nedlegginga i samanheng med at det no kjem mange færre flyktningar til Norge, enn det tidlegare gjorde.

– Talet på flyktningar til Norge går stadig nedover. Det har jo blitt lagt ned rundt hundre mottak rundt om i landet det siste året. Så dette er ikkje overraskande, men det er likevel trist, seier ordføraren.

Hos Utlendingsidrektoratet (UDI) stadfestar dei at nedlegginga skjer i samband med dei låge asyltala.

– Talet på asylsøkjarar er svært lågt for tida, det er det lågaste sidan 1995, seier regiondirektør i UDI region sør, Tormod Stavenes.

Betyr det at vi kan forvente fleire nedleggingar rundt om i landet?

– Nei. Vi har allereie lagt ned veldig mange asylmottak. Vi har teke vekk omlag 80 prosent av den kapasiteten vi hadde for nokre år sidan, og står no att med 57 mottak. Difor er kapasiteten no mykje lågare, seier Stavenes.