Hopp til innhold

Framleis langt mellom kvinnene som slepp til på lufta i NRK Sogn og Fjordane

Det er eit gjennomgåande problem i alle deler av media at for få kvinner syner igjen, seier medievitar Albertine Aaberge.

Albertine Aaberge, medievitar

VIL HA LIKARE FORDELING: Kvinner må syne meir igjen i media, meiner medievitar Albertine Aaberge.

Foto: Privat

Ein gjennomgang av saker produsert i NRK Sogn og Fjordane det siste året syner at menn utgjorde 72 prosent av intervjuobjekta, medan altså berre 28 prosent av dei intervjua var kvinner.

– Det er eg ikkje så overraska over. Dette er tal som går igjen i alle deler av mediebransjen, seier Aaberge

Sjølv om det i ei årrekke har vore fokus nettopp på at fleire kvinner skal sleppe til i media, syner det seg at det framleis er ein lang veg å.

Det siste året har valet av kvinner og menn som kjelder vore eit av punkta som har vore målt i samband med evalueringa av journalistikken til NRK Sogn og Fjordane. I dei evaluerte sakene var 625 personar intervjua. Av dei var 448 menn og 177 kvinner.

– Det bør jo ikkje vere slik, vi er jo 50 prosent av befolkninga, seier Aaberge.

Terje Gilleshammer

MANGE MENN: Distriktsredaktør Terje Gilleshammer vedgår at NRK Sogn og Fjordane har ein veg å gå når det gjeld kjønnsbalanse i sakene som vert laga.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Har ein jobb å gjere

– Dette er interessante tal, som syner at vi har ein jobb å gjere i forhold til å få fleire kvinner med i sakene våre, seier Terje Gilleshammer som er distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane.

Han er likevel ikkje overraska over at det menn utgjer fleirtalet av dei som vert intervjua i NRK Sogn og Fjordane.

– Men eg må nok vedgå at fleirtalet av menn er langt større enn deg eg hadde trudd.

Kvinner vegrar seg

Tidlegare distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, og noverande leiar for nynorsk mediesenter Magni Øvrebotten er heller ikkje overraska over det framleis er ei slik skeivfordeling.

– Eg er vel ikkje overraska. Det er ofte vanskeleg å få kvinner til å stille opp, seier Øvrebotten.

Magni Øvrebotten

MÅ BLI FLINKARE: Leiar for Nynorsk Mediesenter, Mang I Øvrebotten meiner at kvinner er for lite flinke til å stille opp i media.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ho peikar likevel samstundes på at dette også er eit uttrykk for at det framleis er slik at det er flest menn i framskotne posisjonar.

– Det treng ein ikkje sterke briller for å sjå. Men så er det og slik at ting i journalistikken går fortare. Ein har mindre tid til dei som vegrar seg og som ein må bruke mykje tid på å overtale. Diverre trur eg vi damer ofte er der, seier Øvrebotten.

Kvinnelege journalistar

Dei seinare åra er det blitt stadig fleire unge kvinner som søker seg til journalistikken. Det som overraskar Øvrebotten er at ikkje det har fått meir innverknad på kjønnsbalansen i media.

– Det jo litt rart at ein då ikkje får fleire damer fram i lyset, så kanskje er ein ikkje så opptekne av det lenger. I min generasjon var vi opptekne av kvotering. I dag er det eit fyord, seier Øvrebotten.