Hopp til innhold

Frå uvêr til påskestemning for brøytemannskapet på Vikafjellet

Over natta har vêret endra seg frå snøfokk og null sikt til reine påskestemninga på Vikafjellet. I føremiddag kunne fjellovergangen opne igjen etter å vore stengd sidan i går på grunn av uvêr og fare for snøskred.

STORE KONTRASTAR: Vêret skiftar fort i høgfjellet.

– I dag er det reine påskestemninga, så i dag har det gått greitt, seier brøytesjåfør Erling Stokkebø.

Men i helga var det langt frå like fint, då stengde snøfokk og sterk vind fleire fjellovergangar. Sundag morgon var Filefjell den einaste opne fjellovergangen i Sør-Noreg. Men trass i uvêr var Stokkebø på plass for å prøve å opne Riksveg 13 over Vikafjellet.

– Laurdag og sundag bles det godt og snøa. Då var det null sikt og utriveleg, seier Stokkebø.

VIKAFJELL: Snøfokk og sterk vind har stengt mange fjellovergangar. Slik såg det ut på Vikafjellet i helga. Foto: Stokkebø Maskin AS

– Men de var der opp og brøytte likevel?

– Ja, vi heldt ope det området der det ikkje er skredfare. Områda med skredfare held vi oss unna i slikt vêr, seier Stokkebø.

Tatt av skred

For ufarleg er ikkje denne jobben, for nokre år sidan vart ein brøytesjåfør tatt av skred under rydding av Vikafjellet. Til alt hell gjekk det bra med sjåføren den gongen.

For dei røynde brøytemannskapa er det etter kvart rutine, sjølv i uvêr. På pluss- sida noterer Stokkebø seg at det i år ikkje er så mykje snø på Vikafjellet som det pleiar.

– På flatmark der det ligg i ro så er det vel kanskje 1, 5 meter med snø i år. Til vanleg snakkar vi gjerne om tre gonger så mykje.