Hopp til innhold

Fleire fjellovergangar er opne etter uvêret

Uvêret har stengd fleire fjellovergangar, men utover ettermiddagen betrar forholda seg.

Strynefjellet

STRYNEFJELLET: Det var ikkje mykje sikt over Strynefjellet sundag morgon.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Filefjell var einaste opne fjellovergang i Sør-Noreg sundag morgon, men både Strynefjellet og Hemsedalsfjellet er no opna for trafikk. Vikafjellet vil ikkje bli opna før ei ny vurdering måndag morgon.

– Det ser ut som det blir ei betring utover dagen, og vi går ut ifrå at fleire fjellovergangar kan opne, seier Marius Råve i Vegtrafikksentralen.

Men kva tid resten av fjellovergangane vil opne er vanskeleg å seie.

– Det kan ta tid, fordi det er mykje snø og fokk i vegen som må bli rydda først, seier Råve.

Strynefjellet

STRYNEFJELLET RYDDA: Strynefjellet er rydda etter uvêret og opna for trafikk.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Status for fjellovergangane:

  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring.
  • Fv. 50 Aurland – Hol: ope
  • Fv. 53 Tyin – Årdal: ope
  • Rv. 13 Vikafjellet: stengd, blir ikkje opna sundag på grunn av rasfare
  • Rv. 15 Strynefjellet: ope
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: ope
  • E134 Haukelifjell: kolonnekøyring
  • E16 Filefjell: ope

Det gule farevarselet for vanskelege køyreforhold i fjellet gjeld til klokka 12 sundag. Vinden vil minke utover dagen, men det kjem framleis til å vere frisk bris og snøbyer.

– Det er vinden som gjev vanskelege køyreforhold, men sjølv om den minkar vil det framleis vere vanskeleg. Det blir ikkje veldig gode forhold med ein gong, seier Mette Skjerdal ved Meteorologisk institutt.

Spesielt på vestsida av fjellet vil det halde fram med vind og snøvêr.

VIKAFJELL: Snøfokk og sterk vind har stengd mange fjellovergangar. Her frå riksveg 13 over Vikafjellet, som ikkje blir opna før måndag. Foto: Stokkebø Maskin AS