Hopp til innhold

No vil dei at studentane skal ta denne «pao»

Det velkjente uttrykket «Stao no pao» får kanskje ei litt anna betydning når fotballklubben Sogndal no frir til dei mange studentane i saftbygda. Ikkje på krus, t-skjorter eller musematter – men på kondom.

Sogndal har lansert eigen kondom

STUNT: Sogndal Fotball har denne veka lansert sin eigen kondom.

Foto: Hilde Østbø

– Vi har laga nokre t-skjorter som vi skal dele ut også, men vi gjekk for det som triggar litt hos studentane, kondom, seier Hilde Østbø som er kommunikasjonsansvarleg i Sogndal Fotball til NRK.no.

Det var Sogn Avis som først skreiv om det heller utradisjonelle stuntet frå fotballklubben i heile Norge si saftbygd. Avisa har ikkje klart å finne andre klubbar med eigne kondom, verken i Norge eller i utlandet.

Sogndal-kondomet, som vi vel får kalle det, har fått lik farge som heimeshortsen til klubben, med tydeleg Sogndal-logo og slagordet «Stao no pao».

Det er eit uttrykk studentane møter med det same dei kjem til bygda. Så då tenkte vi, kvifor ikkje setje det på kondoma også. Så er det nokon som seier det kanskje er ei dobbelbetydning, flirer Østbø.

Østbø lovar at kondoma deira har god kvalitet, men kan ikkje tilby Sogndal-fans på andre kantar av landet å få teste ut supergummien frå Sogn.

Stuntet er retta inn mot studentane i bygda, og det er dei som får kondoma gratis.

– Dette er ei gruppe som har vore litt vanskeleg å nå ut til. Difor fann vi ut at vi måtte gjere noko ekstra for at dei skulle få auga opp for klubben, og å skape engasjement rundt klubben. Det trur eg vi har klart å få til.