Hopp til innhold

Fotballekspert: – Sogndal er den største skuffelsen til no

– Både resultatmessig og prestasjonsmessig har dei vore langt frå noko topplag i 1. divisjon.

Alioune Badou Ndour

TOPPEN: Mykje har gått skeis for Sogndal og toppscorar Alioune Ndour (biletet) i år. – Dei bør vere blant dei seks beste, og det kan dei framleis klare. Men dei må finne ut kva dei ynskjer og vil, seier Roger Risholt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det seier Eurosport sin fotballekspert, Roger Risholt, om Sogndal si svakaste sesongopning på 19 år.

Berre målskilnaden gjer at Eirik Bakke sitt mannskap er på trygg grunn etter fire kampar. Rett nok med ein kamp mindre spelt enn dei fleste av 1. divisjonslaga.

– Alle trudde at dei skulle kjempe med Aalesund, Sandefjord og Start. No er dei veldig langt unna. Også Start har opna svakt, men Sogndal er den største skuffelsen, seier Risholt.

– Kan gløyme opprykk

Glissent på Fosshaugane Campus

GLISSENT: Det er mange ledige seter når Sogndal spelar heimekampar på Fosshaugane Campus. Biletet er frå sigeren over Notodden.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det er lite som stemmer for Sogndal for tida. Resultata har uteblitt, det har i lengre tid murra blant supporterane, det er glissent på tribunen og økonomien er pressa.

Etter at NRK spurte Risholt om dei sportslege utfordringane i Sogndal, kom meldinga om at Terje Rognsø trekkjer seg etter berre fire månader som dagleg leiar.

Fotballeksperten meiner det er urovekkande at Sogndal har teke fire poeng på ei «ikkje for vanskeleg opning». Motstandarane har vore Sandnes Ulf (1-1), Ull/Kisa (0-3), Notodden (4–1) og Raufoss (1-3).

Kanalen tippa Sogndal på 4.-plass. Klubben vil opp .

Roger Risholt

TOPP FIRE: – Sett utanfrå har både spelet og spelarlogistikken i Sogndal vore svak, meiner Roger Risholt, Eurosport sin fotballekspert.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Det trur eg blir for tøft for dei. Sandefjord ser solide ut og verkar veldig sterke. Så har du Aalesund og Start som kjem, og Ull/Kisa ser spanande ut, seier Risholt.

– Er trenaren noko som bør vurderast?

– Nei, det er alt for tidleg.

– Mitt ansvar

Trenar Bakke vil ikkje krisemaksimere situasjonen, men vedgår at Sogndal ikkje har innfridd.

– Vi har hatt gode periodar i alle kampane, men har ikkje hatt fulle gode kampar. Vi må ha gode prestasjonar som gjer at vi ser ut som eit lag. No heng vi ikkje saman, og det er mitt ansvar å prøve å få gjengen samla, seier han.

Så langt har Bakke gjort sju byte allereie før andreomgangane tek til. Og toppscorar Alioune Ndour har framleis til gode å starte ein kamp.

– Det seier seg sjølv, eg har ikkje vore nøgd. I helga trefte eg ikkje med laguttaket. Badou har vore skadd og har lite trening, men eg burde starta med han. Eg må treffe betre med uttaka, seier Bakke.

– Må sjå på klubben

– Det er lett å skylde på trenaren, men det er ikkje berre hovudtrenar sitt ansvar. Når Sogndal har gjort det bra, så får heile Sogndal skryt. Når Sogndal gjer det dårleg, får berre trenaren kritikk. Ein må sjå på heile klubben, legg Risholt til.

Fotballeksperten lét seg imponere av Bakke sin debutsesong som trenar. Sogndal feia gjennom 1. divisjon og sikra seg opprykk .

– Dei gav litt meir faen og berre våga. Det bygde dei vidare på i Eliteserien. Sjølv om det vart nedrykk, så prøvde dei, seier Risholt og meiner klubben siste åra har vore ein sportsleg skygge av seg sjølv.

– Har utfordringar

Eirik Bakke

UNDERPRESTERT: – Vi har tapt to, vunne ein og spelt ein uavgjort, så eg vil ikkje krisemaksimere situasjonen. Men vi har ikkje klart å innfri, seier trenar Eirik Bakke.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Bakke vedgår at Sogndal har utfordringar både på og utanfor bana.

– No slit vi litt sportsleg, men klubben har store problem på andre sida også. Eg har full tillit til jobben styret gjer, seier han og legg til.

– Vi er komne i ein situasjon vi ikkje såg føre oss. Alle må i seg sjølve og jobbe saman, så håpar eg vi kan bruke dette til noko positivt som gjer at vi kan stå saman og slå nedanfrå og opp. Vi har ein del å jobbe med for å komme dit, både på og utanfor bana, seier Bakke.

Manglar gneiste

– Sogndal brukte å vere den sjarmerande vesle staden, med ein fantastisk stadion, dyktige fotballfolk rundt, med ein tydeleg intensitet og som stadig fekk fram lokale spelarar. Mykje har forsvunne siste to-tre åra. Det er ikkje same gneiste eller måte å spele på, seier Risholt.

Fotballeksperten er trur klubben har lagt lista for høgt i høve til spelarstallen. Han stiller spørsmål ved spelartypar og om Sogndal har rett kombinasjon mellom rutine og unge «svoltne» spelarar. Klubben har også vore hardt råka av skader.

Siste sesongane har Sogndal henta inn fleire aldrande spelarar og teke eit stadig lengre steg vekk frå ein lokal profil. Risholt meiner klubben må finne ut kva dei vil.

– Ynskjer dei å satse på unge spelarar, men meiner dei er for dårlege, så må ein ta tida det tek å utvikle spelarane. Om det tek eitt eller fire år å rykkje opp, seier han og avsluttar:

– Men Sogndal har pusha på og vil tilbake til eliteserien. Dei legger press på seg sjølve og det er ikkje like lett å handtere for spelarar som kanskje ikkje er gode nok til å ta det steget.

Onsdag møter Sogndal 3. divisjonslaget Stryn i NM-cupen. Laurdag møter dei serieleiar Aalesund på bortebane.

Laster innhold, vennligst vent..