Hopp til innhold

Må kutte seks millionar

Den økonomiske stoda i Sogndal Fotball er tøff, og det må gjerast kraftige kutt. Førre onsdag fekk dei tilsette beskjed om at jobbar vil ryke, skriv Sogn Avis. – Det er dramatisk å måtte gjere dette i ein klubb som berre har ekspandert i lang tid, seier dagleg leiar Terje Rognsø. Han forklarar inntektstapet med blant anna ein tøffare sponsormarknad og mindre inntekter frå mediepotten over to år i 1. divisjon.

Sogndal Fotball sin nye daglege leiar Terje Rognsø, på kontoret
Foto: Magnus Helle / NRK