Hopp til innhold

Går av som dagleg leiar i Sogndal Fotball

Terje Rognsø trekker seg som dagleg leiar i Sogndal Fotball, fire månadar etter at han starta i jobben. Han ville gå meir drastisk til verks i omorganiseringa enn det styret var komfortable med.

Terje Rognsø

FIRE MÅNADER SOM SJEF: Terje Rognsø (t.h.) slutta som dagleg leiar i Sogndal Fotball måndag. Her på tribunen saman med Ingvar Stadheim på heimekampen mot Notodden i april.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Terje Rognsø har diverre valt å trekke seg frå stillinga som dagleg leiar i Sogndal Fotball. Me har hatt god dialog heile vegen, men det er eit kjedeleg utfall i ein tung omstillingsprosess, stadfestar Tor Arne Ness, styreleiar i Sogndal Fotball, til NRK.

Både klubben og Rognsø trekkjer fram at det er ulikt syn på kva grep som må gjerast omstillingsprosessen i klubben som ei av årsakene til at dei skil veg no.

Annleis økonomi enn førespegla

– Det er klart at den oppgåva han har fått etter han kom til Sogndal er annleis enn den han vart førespegla, med tanke på økonomi. Klubben er i ein krevjande situasjon, og det er ein tøff prosess å leia. No vart det slik at han valde å hoppe ut av den prosessen og det respekterer me, seier styreleiar Ness.

Det har ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med Rognsø.

Til klubben si nettside seier Rognsø dette:

– Her har styret og underteikna jobba godt saman. Undervegs kjem ein til vanskelege val, og sjølv om me er samde i mykje, så er det stor avstand på nokre felt. Det er styret som til slutt bestemmer. Det vil alltid vere vanskeleg når dette skjer, men klubben har fått sett eit heilt nødvendig fokus på prosess, så blir det andre som får ta utviklinga vidare.

Terje Rognsø ny dagleg leiar

DEN GONG DÅ: Terje Rognsø var flankert av styreleiar Tor Arne Ness (t.v.) og Yngve Hallén, dagleg leiar i Sogndal Fotball AS, då han i november vart presentert som ny dagleg leiar. Han tok til i jobben 1. januar.

Foto: Arve Uglum / NRK

Mo tek over

– Terje skulle blant rigga klubben for dei utfordringane me har. Det var litt ulike meiningar om korleis det skulle gjerast og tidsperspektivet i det. Då vart Terje og styret samde om å vera usamde, seier Rasmus Mo.

Rasmus Mo
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Mo har vore omdømeleiar i klubben, men tek no over rolla som dagleg leiar inntil vidare.

– Rognsø ville meir drastisk til verks med å kutta i organisasjonen?

– Ja, men eg veit ikkje kva han tenkte i sitt indre sinn. Han var eit veldig friskt pust i klubben vår med mange gode idear. Når situasjonen er som den er, så måtte me treffa tiltak, og der vart dei ikkje samde om korleis det skulle gjerast, seier Mo, som fekk spørsmål søndag om han ville ta på seg oppgåva med å leia klubben vidare.

Må kutta jobbar

Dei siste vekene har det kome fram at klubben er i ein tøff økonomisk situasjon, og dei må nedbemanna. Sogndal har rigga seg om ein eliteserieklubb, men sportsleg er dei no i botnen i 1. divisjon.

No handlar det om å laga eit organisasjonskart som er tilpassa klubbens økonomi, og setja seg realistiske mål om korleis dei skal få klubbkassa til å visa grøne tal att.

– Me må finna ut kva me skal gjera, kvifor me skal gjera det og kven me skal gjera det for. Me må slanka oss, men korleis er ikkje klart endå. Men det handlar om kva oppgåvene våre skal vera og kva som kan gi oss ein sunn økonomi, seier Mo.