Hopp til innhold

Fortvilt fordi han blir skulda for å godta seksuell trakassering

Temperaturen er på kokepunktet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Fylkesleiar Hilmar Høl blir skulda for å bagatellisere seksuell trakassering. – Eg godtek aldri trakassering, seier han.

Fylkesleiar i Arbeiderpartiet, Hilmar Høl

GODTEK IKKJE: Eg har ikkje godteke trakassering av noko art, og kjem aldri til å gjere det. Ingen skal måtte oppleve noko slikt, seier Hilmar Høl, fylkesleiar i Ap.

Foto: Bård Siem / NRK

– Hilmar Høl bagatelliserer og i verste fall legitimerer seksuell trakassering, seier Thor Erlend Mehammer i Sunnfjord Ap.

Den tidlegare leiaren i Førde Ap siktar til eit intervju som Høl gjorde med NRK i går. Høl sa mellom anna at Trond Giske blir utsett for ei heksejakt i samband med at han stilte opp på ein dansevideo med ei ung kvinne.

– Å koke alt ned til ei «heksejakt» er svært kritikkverdig og ikkje verdig ein sitjande fylkesleiar og påtroppande nestleiar i Vestland Ap, seier Mehammer. Også på sosiale media har kritikken mot Høl hagla.

Lei seg

Høl er oppgitt og fortvila over at han blir skulda for å legitimere seksuell trakassering.

– Dersom medlemar i Arbeidarpartiet eller andre opplever at eg legitimerer seksuell trakassering så blir eg ærleg talt lei meg. Eg har ikkje godteke trakassering av noko art, og kjem aldri til å gjere det. Ingen skal måtte oppleve noko slikt, seier fylkesleiaren i Ap.

Høl påpeikar at han heile tida har støtta partileiar Jonas Gahr Støre si handtering av varsla mot Giske.

– Eg har full tillit til Støre som partileiar. Samtidig har eg heile tida meint at Trond Giske er ein svært dyktig politikar som talar næringspolitikken si sak på ein god måte.

Den siste kritikken mot Giske minner likevel om ei heksejakt, meiner Høl.

– Det minner om ei heksejakt når ei fagforeining i Oslo sender videoen frå ein dansande Giske til media og kallar det ei varslingssak. Til alt overmål utan å kontakte kvinna i videoen. Slik gjer ein berre ikkje, seier han.

– Manglar dømmekraft

Mehammer meiner på si side at Giske avslører mangel på dømmekraft.

– Sjølve filmen med ein dansande Giske er ikkje så alvorleg som mange vil ha det til. Men det at Giske stilte opp på dette viser tydleg den dårlege dømmekrafta hans.

Thor Erlend Mehammer, Sunnfjord Ap

KRITISK: Å koke alt ned til ei «heksejakt» er svært kritikkverdig og ikkje verdig ein sitjande fylkesleiar og påtroppande nestleiar i Vestland Ap, seier Thor Erlend Mehammer

Foto: Bård Siem / NRK

–Men bør ikkje Giske på eit eller anna tidspunkt takast inn i varmen igjen?

– Eg opplever ikkje at reaksjonane mot han har vore kraftige nok. Han bør halde seg vekke frå topp-politikken ei god stund til.

I ettertid har kvinna på videoen uttalt at ho ikkje følte dansen med Giske var ubehageleg, at det var ho sjølv som tok initiativet til dansen og at ho føler seg misbrukt i ein politisk maktkamp.

Høl påpeikar til at det har vore levert inn fleire varsel mot Giske og at han må ta lærdom.

– Eg håper Giske tek lærdom av feila han har gjort, seier Høl.