Hopp til innhold

Jubla for opprykk førre sesong, men fekk eit tøft møte med førstedivisjon

FØRDE (NRK): Første møte med førstedivisjon var tøft for Førde-damene i handball, som måtte sjå seg slått med 34–22 heime i Førdehuset.

Førde sine handballjenter klappar til publikum

TAKKAR: Førde-damene takka publikum som møtte opp og støtta dei under kampen.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi held ikkje nivået til Skrim i dag. Men dei er også blant dei aller beste laga i første divisjon, seier trenar Kristinn Gudmundsson like etter kampen.

Kristinn Gudmundsson

BETENKT: Trenar for Førde sine handballdamer, Kristinn Gudmundsson, ser at laget hans må opp eit nivå for å halde tritt med dei beste laga i 1. divisjon.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

I første omgang viste fjorårets serietrear at dei har meir erfaring på dette nivået enn Førde-damene. Skrim gav heimelaget ein leksjon i effektiv handball i første omgang og gjekk til pause på stillinga 18–10 til Skrim. Etter pause heldt Skrim fram i same stil og gav seg ikkje før dei hadde fått 34 nettkjenningar mot Førde sine 22.

– Vi har gjort det mykje betre mot Skrim tidlegare enn det viste her. Men i dag blei vi avslørt og forbisprunge, seier Gudmundsson. Skal vi halde dette nivået må alt klaffe. Då må vi vere flinkare å kome oss tilbake i forsvar. Det gjorde vi ikkje i dag.

– Første kamp i 1. divisjon. Var det nærvar i laget i dag?

– Sikkert. Men vi er gode og, når vi får det til. No må vi berre jobbe vidare og bli betre, seier Gudmundsson.

Publikum på første kamp i første divisjon

FULLT: Det var heilt fullt i publikumsamfiet under første kamp i 1. divisjon for Førde sine handballjenter.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Stod godt i mål

Utan ein god keeper hadde det fort blitt endå fleire baklengsmål, og tittelen som beste Førdespelar fekk Andrea Boge Solaas som ser optimistisk mot neste kamp.

Andrea Boge Solaas

BANENS BESTE: Keeper Andrea Boge Solaas synest Førde sine handballdamer gjer ein god jobb trass i tapet i dag.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det er eit tøft tempo i denne divisjonen. Eg syns likevel vi ligg godt an til å klare tempoet. Vi var kanskje litt nervøse i dag. Eg har god tru på at vi skal kome oss opp eit hakk til neste kamp, seier Solaas.

Jeanette Øksenberg og Anniken Bjorøy vart toppscorarar med seks mål kvar.

Kampen var Førde sin første på dette nivået, etter at dei rykka opp frå andredivisjon i fjor haust. Men litt testing har dei fått, for tidlegare denne veka slo dei divisjonskollega Viking med 27–26 i tredje runde av cupen og sikra seg eit historisk avansement til fjerde runde.