NRK Meny
Normal

Kari gir seg ikkje før Hove-madonnaen er heime

VIK (NRK): I nesten 40 år har Kari Wiken Sunde drøymt om å få laga ein kopi av madonnafiguren i Hove kyrkje i Vik. No er draumen i ferd med å gå i oppfylling.

Kari Wiken Sunde

DRAUMEN OM HOVE-MADONNAEN: – Maria frå Hove som vi også kallar ho vart redda etter reformasjonen og teken vare på. Ho er eit av prakteksemplara av madonnafigurar på Historisk museum i Bergen, fortel Kari Wiken Sunde. Her står ho ved alteret inne i Hove steinkyrkje.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi har begynt å skjære ut kopien hos treskjeraren Boni Wiik i Oslo. Han har funne eit flott eikestykke, og madonnaen er skanna ned til detalj. Så kopien skal bli prikk lik originalen.

67 år gamle Kari Wiken Sunde fortel om Hove-madonnaen med stor innleving medan ho viser rundt i eit av dei flottaste steinbygga i Sogn og Fjordane.

I Hove steinkyrkje i Vik stod ein gullforgylt trefigur av «Madonna og barnet» i rundt 600 år. Ingen veit heilt kven som laga skulpturen, men den har i ettertid blitt rekna som eit av dei vakraste kunstverka frå mellomalderen.

– Eg fekk høyre om ho då eg kom til Vik i 1978, og sidan har eg tenkt på kor flott det hadde vore å få ein kopi tilbake. Det kostar mykje pengar, men det gjorde det også den gongen Hove-madonnaen første gong kom til Vik.

Etter 170 år kan den etterlengta madonnafiguren endeleg kome tilbake til Vik i Sogn.

SKAL LAGE KOPI: – Når ein får desse verktøya og kan jobbe på denne måten er det ikkje anna å gjere enn å smile. Dette er ein draum som går i oppfylling, fortalde Bjarte Aarseth til NRK.no i vinter.

Kan takke teknologien

Som 28-åring flytta Kari Wiken Sunde frå Svelvik i Vestfold til Vik i Sogn. Sidan har ho jobba som tilsynshavar ved Hove steinkyrkje og Hopperstad stavkyrkje.

– Eg blir aldri lei av kyrkjene. Eg blir alltid rørt når eg kjem inn i dei ... Dei er fantastiske.

Men ein ting kan gjere Hove steinkyrkje endå meir fantastisk: Ein kopi av Hove-madonnaen. Originalen vart flytta til Bergen museum i 1840, og sidan tidleg på 1990-talet har vikjene kjempa for å få laga ein kopi.

Den gong fekk bygdefolket nei. Den fanst ikkje teknologi som kunne kopiere statuen utan å risikere å øydelegge den. Men i vinter kom vendepunktet. Med topp moderne utstyr fekk ein skanna madonnafiguren ned til minste detalj.

– Overflata er så skjør at ein ikkje kan kome borti den, då drysser det av. Denne skulpturen er så verdifull at ein ikkje kan risikere det, fortalde treskjerar Bjarte Aarseth til NRK.no i vinter.

Hovemadonna i 3D-scannar i Bergen

FRÅ MELLOMALDEREN: Hove-madonnaen er truleg laga i Bergen kring 1250, og stod i Hove steinkyrkje i Vik i rundt 600 år. Bilete er teke i samband med skanninga av statuen i vinter.

Foto: Ole-André Lagmandokk / NRK

– Eit livsverk

Komiteen som har jobba for å få laga kopien av Hove-madonnaen har samla inn nær ein halv million kroner, men framleis manglar rundt 400.000 kroner.

– Vi manglar pengar til polykromeringa, som er eit omfattande arbeid med å legge gull og fargar på statuen. Men den skal bli heilt lik, understrekar Wiken Sunde.

Arbeidet med å skjære ut og fullføre kopien kan ta inntil to år. Etter snart fire tiår som tilsynshavar for mellomalderkyrkjene i Vik ser ikkje Wiken Sunde føre seg å gje seg før Hove-madonnaen er på plass.

– Eg ser på det som eit livsverk å få ho tilbake hit.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast