Hopp til innhold

Vil ha kunstskatt tilbake

Lokalbefolkninga i Vik vil ha tilbake skulpturen som vert rekna som eit av dei vakraste kunstverka frå mellomalderen.

Madonna-skulptur i Hove steinkyrkje.
Foto: Arild Nybø


I 1840 vart skulpturen «Madonna med barnet» flytta frå Hove steinkyrkje til Bergen museum. For 19 år sidan byrja fleire personar i Vik å jobbe for å få ein kopi av Hove-madonnaen tilbake til bygda.

– For nittan år sidan skreiv me eit brev med ønskje om å få laga ein kopi. Men me fekk avslag, for den var for verdifull tilå lage kopi av, seier Kari Wiken Sunde, tilsynshavande ved Hove steinkyrkje.

For dei siste 150 åra har kunstskatten vore teken vare på av Bergen museum.
Etter reformasjonen vart Hove-madonnaen gøymt vekk i bygda, og til liks med mykje anna verdfull kyrkjekunst frå bygdene hanmna også denne i Bergen.

Skulpturen vert rekna som eit av dei vakraste kunstverka frå mellomalderen, og i rundt 600 år stod den forgylte skulpturen i Hove steinkyrkje i Vik.

Hove steinkyrkje

Hove steinkyrkje bygd kring 1170 for ein storbonde på Hove. Kyrkja skal vere den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil ha skulpturen tilbake

No ynskjer folk i Vik at skulpturen igjen skal synast fram i steinkyrkja i Vik.

– Me la det på is, men så fekk me høyre om Heddalen stavkyrkje i Valdres som skulle lage kopi av sin madonnafigur. Dei enda jo opp med å få originalen og, men det reknar ikkje me med å få, seier Wiken Sunde.

Dei starta arbeidet på nytt, og tok kontakt med Henrik von Achen, professor ved Bergen museum.

– Me vart einige om at det skulle la seg gjere, seier ho.

Skulpturen er skoren ut i eiketre, er 120 cm høg og er av ein eller annn grunn saga av midt på leggen slik at føtene er vekke. Men kopien dei skal lage, skal vera som den var då den var ny. Utan aldring og med føtene inntakt.

Kostbart

Henrik von Achen ved Bergen museum har ingen problem med å forstå kvifor folk i Vik vil ha skulpturen tilbake.

– Det jo ein av dei vakraste figurane frå middelalderen, men det er og ein av dei skrøpeligste. Både i sjølve treet og i overflatemålinga er det problemer, seier von Achen.

Han fortel at skulpturen ikkje tåler direkte kontakt, noko som er naudsynt ved avstøyping. Men ein kan skjære ut ein kopi, og lage eit forskningsprosjekt der ein rekonstruerer den, og fullfører den med føter.

– Men det er umåteleg kostbart, det må ein ha klårt føre seg, seier han.

Han seier at han er einig i at det bør vera ein madonna i kyrkja, men at han anbefaler å lage ein ny. Han er redd for at ein kopi ikkje vil tåle klimaet i kyrkja, og at den fort vil verte øydelagt.

Men Wiken Sunde er ikkje skremd av kostnadane. Dei jobber allereie med finansiering av skulpturen.

– Og når me tidlegare har dreve restaurering, har me arbeida med luftfukta i kyrkja. Så temperaturen er veldig stabil, avsluttar ho.

Hove steinkyrkje

Alteret i Hove steinkyrkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK