I Sogndal ville ikkje eingong nabokommunen Leikanger, berre nokre mil unna, slå seg saman med Sogndal.
– Det er nok ikkje tvil om at det er frykta for Sogndal og eit sterkt regionsenter, som har vore utslagsgjevande for at det vart nei, seier ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger.
SENTERFRYKT: Jon Håkon Odd (Ap) er ordførar i Leikanger.
Foto: Noralv Pedersen / NRK
Det er berre nokre mil og vel ein halvtime og køyre mellom Leikanger og Sogndal. Likevel ville ikkje folket ha ein storkommune.
– Folk er redde for sentralisering av tenester, folk er redde for å verte ein salderingspost, og folk er redde for si eiga deltaking i lokalsamfunnet i framtida, seier Odd.
Blåmåndag
Det var ikkje berre rundt Sogndal supermåndagen smakte blåmåndag for kommunalministeren si store kommunereform. I 31 kommunar landet rundt var det folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar.
I Nordhordland sa seks av åtte kommunar nei til ei storkommune. Og rundt Voss ville heller ikkje Vik og Aurland bli med i eit større alternativ.
KLART SVAR: Ordførar Roy Egil Stadheim og politikarne i Vi har fått eit klart svar frå innbyggarne.
Foto: Noralv Pedersen / NRK–
Det er ei rettesnor som vi politikarane må ta med oss i dei komande drøftingane, seier fungerande ordførar, Roy Egil Stadheim (Ap) i Vik.Berre eit tidsspørsmål
Bileta som teikna seg i Sogn er at senteret i midten er positive, men at dei ikkje får med seg dei som fryktar å bli utkantar. Men arbeidarpartiordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, meiner det berre er eit tidsspørsmål før folk er klare for større kommunar.
- Les også:
STORKOMMUNE: Ordførar Jarle Aarvol (Ap) trur det berre er eit tidspørsmål før storkommunen kjem likevel.
Foto: Arne Stubhaug / NRK– Ut ifrå dei strukturane som er i endring, så vil eg vil tru at om fem til år så kan landskapet sjå litt annleis ut, seier Aarvoll.
Men for naboordførar Jon Håkon Odd i Leikanger er uansett storkommunen død.
– Ja, det vil eg seie. Med dei resultata som no ligg føre, så er vel dette ikkje ei løysing vi bør jobbe veldig mykje med vidare, seier Odd.