Hopp til innhold

Sogndølene vil bli større

SOGNDAL (NRK): Seks av 10 sogndøler som møtte opp, seier ja til å slå seg saman med nabokommunar i Sogn. Skepsisen til storkommune er langt mindre i regionsenteret, enn hos naboane.

Sogndal

VIL GJERNE BLI STØRRE: Fleirtalet av sogndølene, i alle fall dei som møtte opp og røysta, ønskjer seg ein storkommune rundt Sogndal.

Foto: Alf Vidar Snæland

61,5 prosent vil ha storkommune i ein eller anna variant, 39 prosent seier nei. Det viser resultatet av folkerøystinga i Sogndal måndag.

– Det er nok litt som forventa. Det var nok dette vi trudde. Det er markant fleire ja-stemmer enn neistemmer, konstaterer ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Mange alternativ

Kommunestyret bad innbyggjarane om å ta stilling til om Sogndal skulle halde fram som i dag, eller gå for ulike variantar av ein storkommune (sjå faktaboks)

Av dei 65,1 prosentane som sa ja, gjekk 14 prosent til den såkalla Sogn kommune med Sogndal, Leikanger, Balestrand og Vik. 34 prosent ønskte Luster med på laget, mens 27 prosent gjekk for det største alternativet der alle kommunar frå Balestrand til Årdal var tatt med.

Berre ein av fire røysta

Berre 25 prosent av dei røysteføre i Sogndal nytta seg av sjansen til å seie si meining i folkerøystinga.

– Når det gjeld dei som har valt å ikkje røyste, så trur eg årsakene kan vere mange. Men eg vel å fokusere på dei 25 prosentane som har gjort seg nytte av folkerøystinga.

– Har du eigentleg fått eit råd frå folket, når berre kvar fjerde veljar har gir si røyst?

– Vi har fått råd frå folket, så vil det vere kommunestyret gjennom sitt vedtak som skal treffe ei avgjerd. Når kommunestyret skal ta si avgjer på junimøtet, så er nok det ei avgjerd tufta på folket si meining, trur Aarvoll.

Oppteljing, folkerøysting i Sogndal

MANGE ALTERNATIV, FÅ SVAR: Her blir røystene telt opp på kommunehuset i Sogndal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

... men naboen legg storkommunen død

I nabokommunane har innbyggjarane både i Vik og Leikanger gitt tommelen ned for storkommune-prosjektet. I Balestrand er det dødt løp og ingen klare signal.

– Sogn kommune er dødt, vedgår ordførar Jon Håkon Odd (Ap) måndag kveld.

Så langt vil ikkje kollegaen i Sogndal strekkje seg.

– I politikken skal ein aldri gravlegge noko. Det er tydelege signal på kva som skjer no i 2016, men om fem til 10 år kan landskapet sjå annleis ut, på grunn av alle strukturane som er i endring, seier Jarle Aarvoll.

Laster innhold, vennligst vent..