Hopp til innhold

Følg Florø direkte: Kan Florø ta sin femte strake?

Florø står med fem sigrar på sine siste seks seriekampar. Ingen andre lag i dei to øvste divisjonane er i like god form. Her kan du følga nøkkelhendingane frå kampen direkte.

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad

HAT-TRICK: Endre Kupen scora tre mål i førre kamp for Florø. Kan han teikne seg på scoringslista igjen?

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

Med 4–1 siger heime mot Fredrikstad førre helg, har Florø plutseleg blanda seg inn i opprykkskampen i årets førstedivisjon. Mykje takka målmaskina Endre Kupen, som scora hat-trick i førre kamp. Grunna skade har det berre blitt ni kampar på 27-åringen denne sesongen, men han har likevel notert seg for åtte scoringar.

Det er 0,89 mål i snitt per kamp, og ingen spelar i dei to øvste divisjonane er like effektiv som Kupen.

Motstandar Elverum har tatt 13 poeng så langt denne sesongen og ligg på nedrykksplass. Kampen mellom laga på Florø stadion i vår enda som alle Florø sine første kampar i førstedivisjon, uavgjort. Det vart 1–1, etter scoring frå Peter Aase.

Laster innhold, vennligst vent..