Hopp til innhold

Skuffa etter uavgjort nummer fire for Florø

Florø sin jakt på første siger i 1. divisjon enda med nok ein uavgjort. Trenar Terje Rognsø er djupt skuffa etter ein dårleg kamp.

Endre Kupen

NÆRARE KOM IKKJE FLORØ: Endre Kupen nær ved å skore i andre omgang.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi gjer absolutt ingenting av det vi skal og bør gjere. Til slutt er vi heldige og får med oss eit poeng. Men eg er frykteleg skuffa.

Det sa trenar Terje Rognsø etter at Florø spelte nok ein uavgjort-kamp søndag, den fjerde av fem kampar spelt hittil i sesongen.

Framleis er Florø utan siger i Obosligaen.

– Som eg sa i garderoben; det er ikkje vits å bruke kjeft. Her må vi jobbe hardt fram mot neste kamp. Vi haltar litt med spelarar i posisjonar som dei ikkje er heilt komfortable med. Vi må stramme opp.

Terje Rognsø

SKUFFA: Trenar Terje Rognsø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi har litt å jobbe med når det gjeld sjølvtilliten. Vi gjer mange feil og må jobbe med å vere positive, sa Rognsø, djupt skuffa over prestasjonane på bana.

Runar Hove meinte det meste skuldast individuelle ferdigheiter.

– Vi mister ballen for enkelt og har dårleg touch. Gjer du det som spelar litt for ofte, blir du usikker, og det smittar over på laget.

– Kva gjer de for å snu skuta?

– Nullstille oss. Gjer vi det vi gjer på trening også når vi spelar kamp, er vi veldig gode, seier Hove.

Kamp mellom kompisar

Det var også duka for kamp mellom kompisar då Florø møtte Elverum søndag.

For på motsett banehalvdel, i drakta til Elverum, stod Marius Hagen. Han er frå Nordfjordeid og kjenner spelarane på Florø frå aldersfastlagde lag.

Han fortel at han hamna i Elverum fordi han har sambuar på Hamar, og fordi han skriv bacheloroppgåve der.

Marius Hagen og Endre Kupen

KOMPISAR: Møttest på kvar banehalvdel. Marius Hagen (t.v.) for Elverum og Endre Kupen for Florø.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg vart ringt opp frå Elverum og det er det nærmaste tilbodet på det nivået eg er god til. Elverum er ein fin klubb, og eg trivst veldig godt.

Hagen kjenner Endre Kupen godt og meiner han har vore ein klassespelar i fleire år.

– Eg tykkjer det rart at Kupen ikkje har spelt på dette nivået før. Sjølv har eg hatt seks år i Obosligaen og eit halvt år i Sverige. Eg plar seie at eg har stagnert, medan Florø har utvikla seg, ler eidaren.

Endre Kupen var skuffa etter 1–1 mot Elverum og Hagen.

– Vi må byrje å skore mål. Så enkelt er det. Og slutte med alle balltapa må midten. Vi treng meir fokus og vi må slå dei rette pasningane. Elles blir vi straffa i Obosligaen, seier Kupen.

– Var du frisk nok til å spele i dag?

– Eg ville spele og kjenner ikkje noko til skaden. Det har vore heilt jævlig å sitje å sjå på i dei to kampane eg har vore ute.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Florø jublar for 1-0

LEIA: Florø jubla for 1-0-skoringa etter 41 minuttar av Peter Aase.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK