NRK Meny
Normal

Kupen-show sende Fredrikstad ned på nedrykksplass, men var likevel ikkje heilt nøgd

FLORØ (NRK): Endre Kupen herja med Fredrikstad-forsvaret i gjennom heile kampen, scora tre mål og sende Florø opp i opprykkskampen. Likevel var han ikkje heilt nøgd etter kampslutt.

Florø-Fredrikstad. Endre Kupen

BRENNHEIT: Endre Kupen stod bak det meste av sjansar som vart skapt av heimelaget på Florø Stadion.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..
  • Les korleis måla kom lengre nede i artikkelen.

For dei fleste går den første arbeidsdagen etter ferien litt på halv maskin, men ikkje for Endre Kupen og resten av Florø-laget. For heime mot Fredrikstad leverte dei festfotball, og i hovudrolla stod ein 27 år gammal spiss.

For med ei scoring før kvilen, og to kjappe i andre omgang sikra han Florø tre poeng. Likevel var ikkje hat-trick-helten heilt nøgd etter kampen.

– Eg skulle ha scora fleire mål. Eg er aldri nøgd etter å ha sett to skot i stolpen, seier Kupen til NRK etter kampen.

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad

HAT-TRICK: Endre Kupen jubla for si tredje scoring for dagen, men meiner han burde ha scora fleire.

Foto: Truls Kleiven

Mest effektiv i toppdivisjonane

Dagens mål var Kupen sitt sjette, sjuande og åttande mål for sesongen. Skadeproblem har gjort at det berre har blitt ni kampar på han, noko som gjev eit scoringsgjennomsnitt på 0,89 mål per kamp.

Det er best av alle i dei to øvste divisjonanen i Norge, så ingen andre angriparar i landet har vore meir effektiv enn Kupen i år.

– Det visste eg ikkje. Det er kjekt det, men som sagt så skulle eg har scora fleire, seier 27-åringen med eit lite smil.

Florø-trenar Terje Rognsø er godt nøgd med spissen sin og er glad for å ha han tilbake i laget. Men det spørst kor lenge han klarar å halda på spissen.

– Det er nok mange som følger med på han, men vi plukka han no opp frå fjerdedivisjon, så då får han vera med å bidra litt her før vi sender han vidare. Men det er kjekt å sjå utviklinga både for han og dei andre på laget, seier Rognsø.

Hovudpersonen sjølv tar den eventuelle interessa frå større klubbar med knusande ro.

– Eg veit ingenting om andre klubbar som er interessert, men sjølvsagt er det draumen min å spela på høgst mogeleg nivå. Men akkurat no er eg her i Florø, seier Kupen til NRK.

Tre kjappe

Gjestane frå Fredrikstad er i akutt poengnaud og hang godt med i Florø, heilt til heimelaget tok leiinga 2–1, 20 minutt ut i andre omgang. Men då var det slutt på gjestfriheita til laget frå kystbyen.

Først utnytta Rashad Muhammed at Fredrikstad-keeper Håvar Jenssen måtte gje retur på eit skot frå Luc Jeggo.

Så gjorde Kupen alt sjølv, to gonger innanfor fem minutt. Først vart han spelt gjennom aleine med keeper og avslutta enkelt i mål. Fem minutt seinare hadde han to forsvararar mellom seg og FFK-målet, men Kupen finta vekk begge og hamra inn sitt tredje for dagen til 4–1.

Fredrikstad ligg med det på nedrykksplass i førstedivisjon, medan Florø ligg likt med laget på sjetteplass og har den siste kvalifiseringsplassen for å få spela om opprykk til eliteserien (sjå tabell lengre nede i saka).

Endre Kupen. Florø-Fredrikstad

NESTEN: Endre Kupen enda til slutt opp med hat-trick, men kunne fort ha scora endå fleire.

Foto: Truls Kleiven

Praktscoring til begge lag

Det var lite som tyda på at det var to lag som kom rett frå ferie før kvilen i Florø. Bortelaget gjekk rett i angrep og var nære ved å krangla inn ein corner alt etter to minutt.

Og så gjekk det slag i slag fram mot kvilen. I hovudrolla for heimelaget, Endre Kupen. Først med eit skot som heile stadion trudde var inne, men det gjekk på innsida av stolpen og ut.

Etter ein dryg halvtime var han frampå igjen. Med ryggen mot målet fekk han ballen i beina, vende 180 grader og kom aleine med keeper. Der gjorde han ingen feil og Florø gjekk opp i leiinga.

Florø-Fredrikstad

KJEMPETREFF: Fredrikstad-spelarane kunne jubla over utlikninga, knappe ti minutt før pause.

Foto: Truls Kleiven

Men gleda vart kortvarig. Seks minutt seinare varta Filip Westgaard opp med eit draumetreff frå 20 meter. Ballen gjekk inn heilt oppe i krysset, bak ein sjanselaus Nicklas Frenderup.

Like før pause var Kupen frampå for vertane igjen, men nok ein gong vart han stoppa av stolpen.

To formlag

Både Florø og Fredrikstad fekk ein tøff start på årets sesong. Verst var det for laget frå Østfold, som gjekk heile 11 kampar før dei tok sin første siger i årets sesong. Florø på si side tok sin første siger nokon gong i førstedivisjon, då dei slo nettopp Fredrikstad på Fredrikstad Stadion.

Men i juni hadde det snudd for begge laga. Florø vann fire av dei siste fem seriekampane før fotballpausen, medan FFK ikkje har blitt slått på sine fire siste kampar, og har tatt åtte av sine tretten poeng så langt i sesongen i dei kampane.

Florø-Fredrikstad

MANGE PÅ PLASS: 1422 tilskodarar tok turen til Florø Stadion, trass i at kampen kom midt i fellesferien.

Foto: Truls Kleiven
Laster innhold, vennligst vent..
Vegopning på Bergum i Førde kommune