Hopp til innhold

Florø snudde kampen og sende storebror Sogndal på hovudet ut av cupen – igjen

FLORØ (NRK): Monir Benmoussa vart den store helten då Florø sende Sogndal ut av cupen for andre gang på fem år.

Florø slo ut Sogndal av cupen.

SJÅ VIDEO: Her ser du video av måla i kampen mellom Florø og Sogndal.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var herleg. Eg har ikkje ord, seier Benmoussa som blei den store helten.

Han takkar lagkamerat, Simen Solheim for ein fin pasning. Og etter kampen var det full jubel i Florø-garderoben.

– Det var veldig herleg. Det var ein jamn kamp som kunne gå begge vegar. Det er viktig for gruppa å få stadfesting på at det vi jobbar med er rett, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Det same skjedde i 2012. Då var Florø i 3. divisjon og var stort sett samansett av juniorar. Det å ta skalpen på Sogndal var noko av det største dei kunne tenke seg. Og det gjorde dei. Til slutt vart det 3–0 til Florø, og Sogndal vart audmjuka framfor 1500 elleville tilskodarar.

Florø-Sogndal, cupen 2017, Monir Benmoussa scorar 2-1 målet

JUBEL: Monir Benmoussa etter å ha scora 2–1-målet til Florø over storebror Sogndal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Skuffa Bakke

Sogndal-trenar Eirik Bakke seier den førre gongen framleis sit i han. Då spelte han sjølv på Sogndal. Utanom Eirik Schulze og Kjetil Wæhler stilte dei med toppa mannskap. Han tek reprisen også litt tungt.

– Det er sjølvsagt skuffande. Men det var ein god keeper hos motstandarane som redda Florø i dag, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

– Sogndal var gode i dag synest eg, men dei scorar ikkje på sjansane sine. Det var godt for sjølvtilliten å ta den, seier keeper Nicklas Frenderup.

Christer Husa sette ballen i eige mål då Sogndal tok leiinga i kampen, men trengde ikkje sørge over det lenge før Florø fekk overtaket.

– Det typisk å komme tilbake frå skade og øydelegge det, tenkte eg. Men heldigvis greier gutane å snu det og score to fine mål, seier Christer Husa.

Monir Benmoussa og Rashad Muhammed snudde kampen i løpet av fem minutt, og med det er Florø for første gang vidare til fjerde runde i cupen.

Florø-Sogndal, cupen 2017

STINN BRAKK: Det var nær fulle tribunar og over 1200 tilskodarar på plass i solskinnet i Florø.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Åtte elleville minutt

Etter vel timen spelt skjedde alt samtidig på Florø Stadion. Først var Florø-spelar Christer Husa uheldig og heada ein corner frå Gilbert Koomson i eige mål, men få minutt etter parkerte Rashad Muhammed heile Sogndal-forsvaret og sette inn utlikninga til 1–1.

Og fem minutt etter stod jubelen i taket, då Monir Benmoussa snudde kampen for Florø med si 2–1 scoring.

Florø-Sogndal, cupen 2017. Ampert mellom Nwakali og Rashad Muhammed

Ampert mellom Nwakali og Rashad Muhammed i første omgang.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kvar sin sjanse

Dei største sjansane til begge lag kom på slutten av andre omgang. Først for Sogndal og Gilbert Koomson som sette fart og sprang frå Florø-forsvaret, og kom åleine gjennom med Florø-keeper Nicklas Frenderup.

I staden for å avslutta sjølv, sentra han tvers over til Martin Ramsland, som enkelt kunne sett inn 1–0 til Sogndal, men Frenderup varta opp med ei feberredning.

Minuttet etterpå fekk Florø sin Endre Kupen stå åleine å heada på bakre stolpe, men headinga vart for dårleg og enda utanfor.