Hopp til innhold

I denne vernepleiarklassen er nesten halvparten menn

SOGNDAL (NRK): I denne klassen med vernepleiarstudentar er fire av ti menn. Ein forskar trur det vil bli normalen om få år, i det tradisjonelt sett kvinnedominerte yrket.

Vernepleiarstudentar i Sogndal

HISTORISK: I denne vernepleiarklassen i Sogndal er 15 av 38 studentar menn. Det er historisk høgt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ikkje urimeleg å tru at om ti år så er nesten halvparten av vernepleiarane i Noreg menn, seier Carl Christian Bachke, dosent ved Universitetet i Agder. Han har forska på vernepleiarutdanninga i Noreg.

– Jobbane ligg strødd

Som i så mange andre helse- og omsorgsyrke, er vernepleie kvinnedominert. Berre ein av fem vernepleiarar er menn. Men tal frå vernepleiarutdanningane frå årets studiestart, syner at trenden frå dei siste åra held fram: fleire og fleire av studentane er menn.

Kristoffer Gjerde

MANGE MENN I KLASSEN: – Eg har jobba i både barnehage og innanfor barnevernet, og trivst veldig godt med det, seier Kristoffer Gjerde.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er mindre stigmatisert for menn å velja helse- og omsorgsyrke no enn tidlegare. Og så er det jobbutlysingar i omtrent alle kommunar i heile Noreg. Å velja vernepleie er genialt om du vil ha sikker, god jobb resten av livet, seier Kristoffer Gjerde.

Han er ein del av eit rekordkull ved vernepleiarutdanninga på Høgskulen på Vestlandet si avdeling i Sogndal.

Her er førti prosent – 15 av 38 studentar – av dei som starta på vernepleiarstudiet, menn.

Talet på mannlege studentar som starta vernepleiarstudia i Noreg, har stige jamt frå 23 prosent i 2011, til litt over 27 prosent i 2018.

– Brukarane får fleire menn å forholda seg til, til dømes som rollefigurar i ein brukarbustad. Og for klassemiljøet er det veldig bra, seier student Frida Mehus.

– Kinderegg-utdanning

Carl Christian Bachke

HAR FORSKA PÅ UTDANNINGA: Carl Christian Bachke er dosent ved Universitetet i Agder.

Foto: Universitetet i Agder

Bachke trur det er ei samansett årsak til at det går mot meir balanse. Oljekrisa gjorde at mange menn måtte sjå seg om etter andre karrierevegar. Politikarane og arbeidslivet har ønskja seg eit meir kjønnsbalansert arbeidsliv, noko ein ser effektane av no.

Og ikkje minst at studentane utdannar seg inn i sikker jobb.

– Eg pleier å kalla det kinderegg-utdanninga. Det gir moglegheit for jobb i undervisningssektoren, helsesektoren og omsorgssektoren. Då snakkar me hundretusenvis av arbeidsplassar rundt omkring i heile Noreg. Og det er eit enormt behov for arbeidskraft i dei sektorane, seier Bachke.

Han fortel at det på 60- og 70-talet var opp mot 50 prosent menn i yrket. Mykje på grunn av at ein trengde sterke hender for å hjelpa ein del av dei pasientane som utagerte fysisk. Frå 80-talet og framover sank andelen menn sakte, men sikkert nedover. Men no følgjer han spent med på utviklinga.

– Blant anna ser me at det blir meir teknologi og datastyrte hjelpemiddel i tenesta, og det er trur eg vil ha ein appell til menn. Når det ein gong har vore opp mot femti prosent menn, så kvifor skal me ikkje koma tilbake dit? avsluttar Bachke.