Flaumtoppen tidlegast nådd ved midnatt

Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) held no eit vake auge med ei rekke vassdrag. Den kraftige nedbøren på Vestlandet det siste døgeret har fått ei rekke elvar til å gå flaumstore.

Flaumstor Jølstra

HØG VASSTAND: Her kan du sjå bilete frå flaumen

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det er framleis nedbørsbyer som kjem inn. Det gjeld Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Jølstra i Sunnfjord er ei av elvane vi følger spesielt nøye med på, seier Brigt Samdal som er regionsjef i NVE.

Det siste døgeret har heile Vestlandet blitt treft av kraftige regnbyer. Meteorologisk institutt har gått ut med gult farevarsel på grunn av dei store nedbørsmengdene som var venta. Nedbørsmengdene har og ført til at NVE har gått ut med oransje farevarsel for flaum og jord- og flaumskred over store deler av Vestlandet.

– Ein del vassdrag går no svært store, og enkelte stader så fløymer det over, seier Samdal.

Bergar eigedelar

På Solrenningen camping i Jølster er Jarle Sunde i gang med å berge det han kan for uvêret.

– Ja no er eg i full gang med å berge veden som låg under vogna, slik at den ikkje fer rekande på vatnet.

Jarle Sunde

FLAUM: Jarle Sunde håpar flaumen ikkje tar campingvogna hans på Solrenningen camping i Jølster

Foto: Oddleif Løset / NRK

For no er Jølstravatnet i ferd med å krype faretruande nær campingvogna der den ivrige fiskaren og sambuaren bur store deler av sommarhalvåret.

– Det går for så vidt bra, men eg håpar at dritvêret gir seg snart slik at vatnet går ned. Det byrjar å verte mykje no, seier Jarle Sunde.

– Du er ikkje skeptisk til å vere her når vatnet stig så mykje?

– Nei eg må vere her å følge med. Blir det for gale så må vogna flyttast og då må eg vere her. Det nyttar i alle fall ikkje å reise her ifrå og berre la vogna stå, seier Sunde.

Flaumtopp ved midnatt

Laurdag kveld gjekk det fleire skred på Vassenden i Jølster, som og vart hardt råka ved ekstremnedbøren 30. juli. Fleire valde laurdag kveld å flytte frå heimane sine.

– På grunn av den vedvarande nedbøren vi har så står varselet for flaum og flaumskred på oransje nivå, og det kjem det til å gjere fram til måndag morgon klokka 0700, seier Samdal.

Brigt Samdal - NVE

FØLGER UTVIKLINGA: Brigt Samdal er regionsjef i NVE

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Framleis kjem det mykje nedbør inn over Vestlandet, og vassdraga som allereie er store kjem til å vekse i fleire timar enno.

– Vi reknar no med at Hordaland og Sogn og Fjordane vil nå flaumtoppen kring midnatt. I Møre og Romsdal kom nedbøren noko og seinare og difor vil dei også nå flaumtoppen seinare, seier Samdal.