Hopp til innhold

Fjord1-saka: - Det blir tøffare konkurranse på Vestlandet

Når dei to største ferjeaktørane ikkje får slå seg saman, trur transportforskar Gisle Solvoll at Torghatten kan legge inn lågare anbod for å kome seg inn på ferjemarknaden på Vestlandet.

Gisle Solvoll

BLIR STÅANDE: Transportekspert Gisle Solvoll trur ikkje nokon vil vinne fram med ein eventuell klage til departementet. Han trur derimot fylkeskommunen kan tene på ein tøffare konkurranse dei komande åra.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Torghatten ynskjer, slik eg oppfattar det, å få eit fotfeste på Vestlandet. Om det framleis er ambisjonen, så må dei konkurrere om anboda som blir lagt ut der, noko som igjen betyr tøffare konkurranse for Fjord1 og Norled, seier Gisle Solvoll ved Handelshøgskolen i Bodø.

Han er ein av dei fremste forskarane og ekspertane på transport i Noreg, og han er ikkje overraska over konklusjonen som Konkurransetilsynet la fram i går. Dei la ned forbod mot at Torghatten, som er landets største ferjeselskap får kjøpe Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1. Hadde eit slikt oppkjøp gått gjennom ville det berre vore to store og ein liten aktør igjen i marknaden, noko tilsynet meiner ville svekke konkurransen i for stor grad. Solvoll trur det no kan bli ein motsett situasjon.

MF Selje på veg inn til kai på Hella

STRID: Saka om kven som skal eige Fjord1 og ferjene som trafikkerer fleire samband på Vestlandet har prega Sogn og Fjordane den siste tida.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Torghatten vil kanskje gå hardare inn og prise seg noko lågare for å få fotfeste på Vestlandet. Konkurransen på Vestlandet blir nok skjerpa. Så får vi sjå om Torghatten er så dyktige og torer å prise seg så lågt at dei vinn anbod framover, seier Solvoll.

Trur fylkeskommunen vil vinne på avgjerda på sikt

Sogn og Fjordane fylkeskommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og eit sal av aksjane i Fjord1 ville gjeve sårt trengde pengar i kassa. Fylkestinget var splitta i avgjerda, og fylkesordførar Jenny Følling var overraska då Konkurransetilsynet la fram sin konklusjon.

– Eg er overraska all den tid Torghatten har sett i gang større strukturelle tiltak og andre avbøtande tiltak. Eg trur også bransjen generelt sett er overraska fordi dei har trudd at det ville vere mogleg med ei konsolidering få fire til tre selskap, sa Følling til NRK då.

Solvoll meiner på si side at det umiddelbare vonbrotet forkjemparane for salet opplever no, kan bli snudd i eit lengre perspektiv.

– Ei inntekt no kunne blitt eten opp av høgare prisar seinare. Med færre tilbydarar å kjøpe tenester frå, så går prisen opp og kvaliteten gjerne ned. Færre pustar selskapa i nakken når dei skal legge inn anbod, ein kan vinne anbod med høgare prisar. For vegvesenet og fylkeskommunen kunne det blitt dyrare når ferjesambanda skulle ut på anbod, trur Solvoll.

Avgjerda frå Konkurransetilsynet kan ankast inn til Nærings- og fiskeridepartementet, men fylkeskommunen har førebels ikkje teke stilling til dette. Solvoll har uansett liten tru på at ein klage vil endre på situasjonen.

– Det er ikkje mange døme på at vedtaka til Konkurransetilsynet blir overprøvd, så det blir nok ståande.