Hopp til innhold

– Ser på dette som ein siger

Reiar Per Sævik og hans selskap meiner at dei har forkjøpsrett til Fjord1-aksjane. Sævik ser på Konkurransetilsynet sitt vedtak om å stoppe salet til Torghatten, som ein siger.

Per Sævik

FORNØGD: Per Sævik i Havilafjord er fornøgd med avgjerda til Konkurransetilsynet.

Foto: Arne Flatin/NRK

MF Selje på veg over Sognefjorden

SEIER NEI: Konkurransetilsynet seier nei til at Fjord1-ferjene blir overtatt av Torghatten.

Foto: Rune Fossum / NRK

I dag vart det kjent at Konkurransetilsynet stoppar salet av Fjord1 til konkurrenten Torghatten. Dei meiner at eit kjøp vil øydelegge konkurransen i ferjemarknaden.

Per Sævik og offshorereiarlaget Havilafjord eig 41 prosent av aksjane i Fjord1. Då Sogn og Fjordane fylkeskommune, som eig 59 prosent av aksjane, vedtok å selje sin del til konkurrenten Torghatten, bestemte Sævik seg for å gå til rettssak. Han meiner at Havilafjord har forkjøpsrett. Håpet var at Konkurransetilsynet skulle sette ein stoppar for salet til Torghatten.

Ein siger

– Dette er ei sak vi har levd med nokså lenge og vi er glade for konklusjonen til Konkurransetilsynet, seier Sævik.

Han ser på vedtaket som ein siger. Sævik meiner konklusjonen til Konkurransetilsynet likevel ikkje gir grunnlag for å stoppe rettssaka, som etter planen skal starte 29. august.

– Vi jobbar vidare med den. Det er halvannan månad til og går meir på det prinsipielle om forkjøpsrettproblematikken, seier Sævik.

Nye anbod

Han opplever Konkurransetilsynet sitt vedtak som endeleg, sjølv om fylkeskommunen kan klage til departementet. Sjølv jobbar hans reiarlag for å få kjøpt aksjane.

Korleis ser du framtida for Fjord1, dersom du får kjøpe majoritenen av aksjane?

– Det som er positivt er at selskapet er inne i ein god periode og har vunne nye anbod. På den måten ser framtida for selskapet greit ut. Det er nok difor andre vil ha tak i aksjeposten til Sogn og Fjordane, trur Sævik.