Hopp til innhold

Dei gjer fiskesvinn om til mat for Mons

SELJE (NRK): Før kasta dei fiskerestar på havet. No skal det bli mat til kattar og hundar.

Produktutviklar Åge Lundebrekke ved Ervik Havfiske og Asbjörn Jonsson frå det islandske forskingsinstituttet Matís syner fram råvarene dei håpar skal havne på serveringsfatet til kattar og hundar over heile verda.

I TESTFASEN: Åge Lundebrekke ved Ervik Havfiske og Asbjörn Jonsson frå det islandske forskingsinstituttet Matís syner fram råvarene dei håpar skal hamne på serveringsfatet til kattar og hundar over heile verda.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi var frustrerte over at så mykje fisk ikkje vart utnytta, seier produktutviklar Åge Lundebrekke ved Ervik Havfiske, som ligg på Stadlandet.

Kvart år blir 7 millionar tonn fiskerestar kasta i havet. Det vere seg bein, gjeller, innmat og småfisk. Det er omfanget FN sin matvareorganisasjon (FAO) har rekna seg fram til, og tre gonger meir fisk enn det heile den norske fiskeflåten fangar kvart år.

M/S Frøyanes skal både fange og produsere dei nye gourmetprodukta til katten din.

BÅT OG FABRIKK: M/S Frøyanes skal både fange og produsere dei nye gourmetprodukta til katten din.

Foto: Picasa/Ervik Havfiske / Picasa/Ervik Havfiske

– Ynskjer å nytte mest mogleg

Så lenge mennesket har fiska, har ein kasta uønskt fisk tilbake på havet. Ambisjonen er å endre på dette, fortel produktutviklar Lundebrekke. Saka vart fyrste gong omtalt på forskning.no

– Me ynskjer nytte mest mogleg av råstoff til ei kvar tid, og få mest igjen for drivstoffet og innsatsen, seier han.

Gastronom Celine får smake på dei nye produkta før dei kjem butikkhyllene. Testpanelet består av .. (navn / kattar)

TESTPANEL: Gastronom Celine får smake på dei nye produkta før dei kjem butikkhyllene.

Foto: Ervik Havfiske

Å lage kattemat av fiskerestar var likevel meir komplisert enn dei fyrst hadde rekna med.

– Kva fangst varierer frå fisketur til fisketur, og i takt med årstidene. Det gjer det utfordrande å skape eit einsarta produkt som kan bli seld i butikkane, seier Lundebrekke.

Som einaste båt i verda med hermetikkproduksjon om bord er M/S Frøyanes spesialdesigna for å utnytte heile fisken. Prosjektet vart sett i gong i 2017, med støtte frå Regionalt Forskingsfond Vestland.

Hemmelege oppskrifter

– Dette er noko av det mest spanande og utfordrande prosjektet eg har vore med på, fortel Àsbjörn Jònsson. Han er prosjektansvarleg ved forskingsinstituttet Matis på Island, som har skrudd saman dei hemmelege oppskriftene.

Målet er at produkta skal vere både smak- og næringsrike.

– Testpanelet er svært nøgde. For å sikre matsikkerheita er det likevel naudsynt å finslipe oppskriftene før me er i mål, seier Olav Steimler, som er prosjektleiar og styreleiar i Måløy Marine Ressurssenter.

I butikkhyllene i løpet av eit par år

Tilbake på Stadlandet har Ervik Havfiske søkt Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfinansiering (FHF) om økonomisk støtte til å løyse utfordringane og ferdigstille produktet. Dei har og knytt til seg Måløy Marine Ressurssenter, og satsar på å bygge eit moderne testsenter i Måløy.

– Me håpar produktet skal vera i butikkhyllene i løpet av eit par år, seier produktutviklar Åge Lundbrekke.

– I første omgang vil produktet bli seld i Noreg, men ambisjonen er å levere internasjonalt.