NRK Meny
Normal

På det meste vog han 188 kg - då bestemde Fridtjov seg for å ta grep

Fridtjov Urdal (62) er godt i gang med sitt nye liv, 60 kilo lettare enn før. Men han måtte ganske langt ut på kanten før han fann det rett å snu.

Fridtjov Urdal etter slankeoperasjonen

SKAM: Fridtjov Urdal fortel at overvekta han sleit med, gav han ei kjensle av skam då han var ung.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg var pent nøydd. Det kjendest iallfall slik ut. Eg måtte til lege fordi eg mista pusten. Då legen fekk sett klørne i meg, sa han at han var uroa, seier Urdal.

Og det var ikkje utan grunn. Blodtrykket heldt på å sprengje målaren og dei 188 kiloa gjorde kulturkjendisen og den ivrige debattanten frå Jølster svært lite mobil. Berre små rørsler fekk han til å hive etter pusten.

Og sjølv om han kanskje ikkje snakka så høgt om det, så var han uroa sjølv også.

– Ja, sjølvsagt var eg redd. Men ei slik redsle lærer ein seg å leve meg og skubbe unna, seier Urdal.

Var overvektig alt som liten

Enden på visa vart at Urdal bestemde seg for å ta ein slankeoperasjon ved Førde sentralsjukehus. Ein operasjon der ein fjernar store delar av magesekken, slik at ein ikkje lenger har moglegheit til å ete alt ein har lyst på.

– Nei, redd var eg ikkje. For eg visste at alternativet kunne vere verre, seier Urdal.

Laurdag stod Urdal fram i Bergens Tidende med historia si, både om livet og om overvekta.

Urdal har slite med overvekt heilt sidan han var liten. Alt som 11-åring vart han send til Haukeland sjukehus for å bli undersøkt, rett og slett fordi han var svært tung for alderen.

– Dei sette meg på streng diett, seier Urdal, utan at det hjelpte stort.

Skjemdest over seg sjølv

Så spesielt tykte legane det var at han vart brukt som eit undervisingsobjekt. I auditoriet vart han avkledd, og sett framfor alle i salen, medan ein forelesar forklarte og snakka latin.

– Det var så klart ikkje noko kjekk oppleving, men det var slik ein gjorde det på den tida. Det er ikkje noko å gå i rette med, seier Urdal.

– Nei, redd var eg ikkje. For eg visste at alternativet kunne vere verre.

Fridjov Urdal

Sjølv om han til ei viss grad har lagt det bak seg, hugsar han godt kva kjensle hendinga fekk fram i han.

– Det var ei kjensle av skam, rett og slett. Eg skjemdest over meg sjølv og av kroppen min, der eg stod avkledd framfor alle desse menneska, seier Urdal.

Men trass i streng diett, gjekk ikkje 11-åringen ned i vekt. For matlysta var stor.

– Når det kjem til mat, så er eg som ein alkoholikar. No er eg ikkje alkoholikar, så heilt sikker kan eg ikkje vere, men eg trur det er noko som liknar, seier Urdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fridtjov Urdal

PÅ LEIT: Fridtjov Urdal vart adoptert som liten. Lysta til å finne ut kven dei biologiske foreldra var, har alltid vore der.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har lagt seg til nye rutinar

– Tidlegare var det å ete, tyggje og svelgje fantastiske greier. Eg hadde eit overforbruk av mat, seier Urdal.

Det har endra seg etter slankeoperasjonen.

– Mat er ikkje så lystprega som det var før. Nokon gonger kan det faktisk vere ei plage. No må eg ete til faste tider og så må eg ete seint, seier Urdal.

Det har ført til at han har måtte leggje seg til nye rutinar.

– Eg har alltid ete som ein hund. To glefs og vekk med det. Eg må også passe på at eg får i meg drikke til rett tid og at eg ikkje et for mykje. Då kjem straffa meir eller mindre kontant. Og godt er det, seier Urdal.

Sjølv om omveltningane har vore store, på mange felt, er han forsiktig med å utbasunere kor krevjande det har vore.

– Det ville vore endå meir krevjande å passe seg sjølv heile tida. No er det noko som set klare bremser for lysta, og då treng eg ikkje stri så mykje med den, seier Urdal.

Har alltid lurt på kven foreldra var

Som om ikkje slankeoperasjon og ekstrem vektnedgang er nok omvelting, har Urdal også fått kontakt med nye familiemedlemmer.

Urdal vart nemleg adoptert då han var nokre få månadar gammal. Han vaks opp med mor og far på Årebrot ved Florø.

– Samla sett hadde eg ein god oppvekst, og den har nok forma meg på mange måtar, seier Urdal.

Men sjølv om oppveksten var god, har det alltid mangla ein bit. Kven var dei biologiske foreldra? Korleis var dei? Kva dreiv dei med? Korleis såg dei ut?

– Eg har lurt på det heilt sidan det var naturleg å byrje å lure på slike ting. Det var aldri halde hemmeleg at eg var adoptert, seier Urdal.

Men på den andre sida hadde han veldig lyst til å høyre til slekta der han vaks opp.

– Eg skil mellom den sosiale og den biologiske. Det var mykje i den sosiale slekta som eg kunne tenkje meg å vere i slekt med, seier Urdal.

Fekk brev på pinseaftan

Då han bestemde seg for slankeoperasjonen, var det ei stor avgjerd. Då tenkte Urdal like godt at det kanskje kunne gjere seg å ta ei anna stor avgjerd.

Så han tok seg på tak og sette i gang å leite etter den biologiske slekta, godt støtta av sin eigen familie.

– Eg har to døtrer, og dei har også nemnt på at kanskje vi har ei stor familie som vi ikkje veit om. Det skulle vise seg å slå til, seier Urdal.

Ein dag låg brevet der frå Fylkesmannen. Og brått hadde han fått fire halvsystrer.

– Eg kallar det for pinseunderet. Konvolutten kom pinseaftan, og klokka 12.30 var eg og henta han i posten, seier Urdal.

Då han hadde opna konvolutten, såg han for første gong namnet på sine biologiske foreldre.

– Då var liksom prosessen i gong. Eg var klar på at eg ikkje ville slå meg til ro med det. Fylkesmannen ville ha meir tid for godkjenningar og liknande. Men gjekk rundt Fylkesmannen, seier Urdal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fridtjov Urdal fann nye slektningar

KJEKT: Fridtjov Urdal vart møtt med opne armar av den biologiske familien sin.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Fekk halvsystrer på besøk

Han gjekk på Facebook og skreiv eit brev til dei som hadde same etternamn som den biologiske faren hans, og spurte etter han. Svara let ikkje vente på seg.

– Berre etter få minutt fekk eg svar, seier Urdal.

På kort tid fekk Urdal vite at han hadde ei stor slekt ein annan stad i landet.

Eg kallar det for pinseunderet. Konvolutten kom pinseaftan, og klokka 12.30 var eg og henta han i posten.

Fridtjov Urdal

Allereie etter ei veke kom to av halvsystrene hans, dei på farssida, på besøk til han i Jølster.

– Det var veldig triveleg, seier Urdal.

Det synte seg då at dei hadde visst om at det hadde vore eit barn til.

– Dei hadde prøvd å leite, men det sette lovverket grenser mot. Men då eg snakka med dei på telefon, så prata vi som om vi hadde kjent kvarandre i årevis, seier Urdal.

Og nett same opplevinga hadde han då han fekk tak i dei to systrene på morssida.

– Det var ei fantastisk kjensle, seier Urdal.

Vitja slekta i Stavanger

Deretter drog Urdal til Stavanger for å treffe dei to på morssida, som han ikkje hadde treft. Han legg ikkje skjul på at han var spent.

– Eg var redd for at eg skulle bli skuffa, eller at dei to andre skulle bli skuffa. Ein går inn i ein veldig lada situasjon, for alle partar, seier Urdal.

Men han hadde ingenting å uroe seg for, skulle det syne seg. Det tok ikkje lang tid før praten gjekk som om han aldri skulle ha gjort anna.

– Det var opne og rause folk, seier Urdal.

Og med ein ny familie fekk også Urdal ta del i eit nytt univers der han fekk nærare kjennskap til korleis dei biologiske foreldra hans var.

Litt genar og litt tilfelle

Mellom anna har han fått vite at mora hans var ein berebjelke i revy- og teaterlaget i Sauda. Han er forsiktig med å gje det æra for at han i dag er kulturformidlar, fylkessynsar og revyartist.

– Det er mykje tilfelle som styrer. Hadde eg ikkje vore i Førde då eg var der, og hadde eg ikkje kjent Hans Jakob Reite, så er det ikkje sikkert eg hadde vore borti revy, seier Urdal.

Det har vore ei positiv oppleving. Eg var ikkje klar over at det var så mange som brydde seg om meg.

Fridtjov Urdal

Men han ser heller ikkje vekk frå at det er genar som har ført han der han er i dag.

– Viss det er noko som ligg i genane, så er det kanskje lysta til å ytre seg, syne seg fram og vere sosial, seier Urdal.

Etter at han stod fram med historia si i Bergens Tidende har telefonen knapt stått i ro, og meldingane har komme frå både fjern og nær, også på sosiale medium.

– Det har vore ei positiv oppleving. Eg var ikkje klar over at det var så mange som brydde seg om meg, seier Urdal.

Drøymer om ein trenchcoat

Etter å snart ha lagt bak seg eit år fullt av inntrykk og omveltingar, så er han ikkje i tvil om kva som har gjort størst inntrykk.

– Det å få møte slektningane var ei svært sterk oppleving. Det har auka forståinga og innsynet mitt i mange ting, seier Urdal.

Vektnedgangen håpar han at han klarar å halde fram med.

– Det er alltid ein fare for at ein kan ete seg opp att, men eg vil prøve å unngå det så godt eg kan, seier Urdal.

Han har nemleg eit sterkt ønskje. Og det er heilt klart innan rekkjevidd.

– Eg har så lyst til å kjøpe meg ein trenchcoat, slik som Humphrey Bogart hadde, seier Urdal.