Som ein av over 2000 nordmenn, fekk ho i fjor endeleg teke inngrepet som førebels har gjort ho 35 kilo lettare. Ho blei operert ved Førde sentralsjukehus i august 2011.
– For meg har det berre vore vinn-vinn. Eg har ikkje hatt nokon komplikasjonar verken under eller etter operasjonen, fortel ho.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Auka aksept
Norge er i verdstoppen i tal operasjonar i høve folketalet, og behovet er stort for enda fleire. Stadig fleire overvektige nordmenn blir eit stadig større samfunnsproblem
Kirurg Villy Våge har operert mange overvektige ved sjukehuset.
– Før var det mange fordommar mot slike operasjonar. Framleis har vi pasientar som opplever det slik, men det er ein aukande aksept for det, seier han.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har blitt meir positiv
Ølheim er godt nøgd med operasjonen. No handlar det om å skape balanse i livet.
– Eg har blitt ein meir positiv person. Det er ein endring både når det gjeld kosthald og livsstil. Eg kjem meg meir ut og når nokre nye toppar. Den beste toppen har eg nådd då eg tok operasjonen, seier ho.
SJÅ VIDEO: Norge er heilt i verdstoppen i talet på fedmeoperasjonar. 2500 overvektige blei operert ved norske sjukehus i fjor. Forskarar meiner at behovet for inngrep mot farleg feitleik vil auke kraftig i åra framover.