Hopp til innhold

Stig Eikaas skal lage ein åtte tonn tung statue av Fridtjov Urdal

Fyrstkomande fredag skal Fridtjov Urdals Plass i Jølster opnast. Snart skal ein 5.5 meter høg og åtte tonn tung skulptur også vere på plass.

Fridtjov Urdal

PORTRETT: Medan ein ventar på at statuen av Urdal skal verte klar kan ein i mellomtida sjå på eit portrett i stein, eller ein kontrafei, som Stig Eikaas kallar det.

Det er kulturpersonlegheita Fridtjov Urdal som no skal heidrast av kunstnaren Stig Eikaas. Urdal er kulturarbeidar, forfattar og formidlingsleiar ved Sogn og Fjordane Kunstnarsenter i Førde.

Viktig for kulturen i fylket

Urdal har utan tvil betydd mykje for kulturen i fylket meiner Eikaas.

Stig Eikaas

KUNSTNAR: Stig Eikaas er i full gang med å få ferdigstilt ein statue av Fridtjov Urdal.

Foto: NRK

– Han er vel fylkets røyst når det gjel kunst og det har han vore gjennom tiår. Ikkje minst har han vore det på ein raus, open og fleksibel måte, seier Eikaas.

Møtestad

No skal altså Fridtjov Urdals Plass opnast ved Juvika i Jølster. Fredag skal det avdukast ein kontrafei og eit steinskilt. Sjølve statuen av Urdal vil kome seinare.

– Dei som kjenner meg veit jo at ting kjem på plass etter kvart og målsetninga er at statuen skal opp før julaftan, fortel Eikaas.

No håpar Eikaas at Fridtjov Urdals Plass kan verte ein god plass for møter og samtalar mellom menneske.

– Eg håpar folk kan komme dit, ta ein kaffi, kanskje teikne litt, tenke litt og snakke saman.

Pølser, traktor og høyballar

Fridtjov Urdal sjølv synest det er voldsomt at han no skal få både ein eigen plass oppattkalla etter seg og ein statue.

– Det er vel det sunnmøringane ville kalla «stormykje godt». Eg ville nok klare meg rimeleg godt utan statue og utan plass, og dimensjonane på statuen overstig heilt klart sjølvbiletet, seier Urdal og ler.

Eikaas på si side meiner det er heilt på sin plass at Urdal vert sett pris på.

– Oddvar Torsheim har fått sitt og no er det Urdal sin tur. Fylket må vite å setje pris på slike personlegheiter som representerer noko anna enn pølser, traktor og høyballar, seier Eikaas.

Kome noko godt utav det

Urdal reknar med det vil kome nokre reaksjonar både på plassen og statuen.

– No skal eg kanskje ikkje sitere ting eg ikkje hugsar heilt, men eg trur Wildenvey snakka noko om å ergre dei store og more dei små. Og slik blir det kanskje no også?

– Trur du det vil kome noko godt ut av denne plassen og statuen?

Fridtjov Urdal

STATUE: Fridtjov Urdal vonar folk vil sjå humoristisk på at han no får sin eigen plass og statue.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Haha! La meg seie det sånn. Eg får inderleg håpe at det i alle fall ikkje vil føre noko vondt med seg, som at nokon får statuen over seg, ler Urdal.

Urdal håpar i alle fall at folk kan sjå litt humoristisk på det heile.

– Det er jo ikkje akkurat alvor denne verda manglar, avsluttar Urdal.