Hopp til innhold

Får bok til 80-års dagen

FØRDE (NRK): 2. november fyller multikunstnar Oddvar Torsheim 80 år. I samband med jubileet vert det gitt ut ei ny bok om Torsheim – ført i pennen av Lars Elton.

Lars Elton og Oddvar Torsheim

MELLOM TO PERMAR: Lars Elton skal skrive ny bok om Oddvar Torsheim

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det kunne ikkje i blitt betre, seier Elton om at han har fått oppdraget med å skrive boka om kunsten til Oddvar Torsheim.

Multikunstnaren Torsheim er nok kjend for mange for sine nynorske tolkingar av tekstane til Beatles og Bob Dylan. Elton meiner at biletkunstnaren Torsheim har kome litt i skuggen av artisten og klovnen Torsheim.

– Alle ser på ein måte på han som ein klovn. Han er ein offentleg kjent person. Men klovnerolla har ført til at kunsten hans har kome litt i skuggen, seier Elton.

Lett forfattarval

Initiativet til boka om kunsten til Torsheim kom frå Sogn og Fjordane kunstmuseum. Ideen dukka opp då museet i fjor vår fekk kjøpe 33 verk av Torsheim.

– Då oppdaga eg at det var skriv svært lite om sjølve kunsten til Oddvar Torsheim, men det var skrive mykje om personlegdommen. Vi trong å gå litt meir i djupna, seier Janne Leithe, som er avdelingsdirektør ved Sogn og Fjordane kunstmuseum. Det var skrive mykje om personlegdommen.

Då ideen om boka først var unnfanga, vart det og ganske for klart kven dei meinte burde skrive boka.

– Vi tenkte alle på Lars Elton, og vi spurde også Oddvar om han kunne tenke seg det, og då svara han berre «jepp», seier Leithe.

Har byrja å gle seg

Hovudpersonen sjølv, Oddvar Torsheim, er rørt over at kunsten hans skal bli bok.

Lars Elton skal skrive ny bok om Oddvar Torsheim

STATUE: Oddvar Torsheim har også få si eiga statue som står i «Nynorskens skog» i Førde,

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg vart i høgste «veiret», som mamma ville sagt, seier Torsheim, når han skal beskrive korleis det var å få vite at det skal skrivast bok om kunsten hans.

No skriv Lars Elton altså bok om kunstproduksjonen hans gjennom dei snart 50 åra som er gått sidan etter at kom attende og etablerte seg som kunstnar i Førde.

– Klart ein vert glad for slikt, kan du skjøne. Eg har alt byrja å gle meg til fødselsdagen. No skal eg leve sunt og legge meg tidleg, ler Torsheim.

Torsheim og Elton møttest for første gong i eit selskap hjå ein annan kunstnar frå Sunnfjord for snart 20 år sidan.

– Det var hjå Ludvik Eikås som budde i Oslo. Der var det festar rett som det var og på ein av dei møtte eg Oddvar. Vi fann tonen, og har halde kontakten sidan, seier Elton.

På høg tid

Elton som er ein av dei fremste kunstkritikarane i landet meiner det er på høg tid at det kjem ei bok om kunsten til Oddvar Torsheim.

– Samanlikna med dei bøkene som har vore gitt ut tidlegare om Oddvar Torsheim så kjem det til å vere eit større fokus på kunsten i denne boka. Men sjølv i slik bok så kjem ein ikkje utanom den fargerike personlegdommen hans. Det hadde blitt dørgande kjedeleg om eg berre skulle fagleg om kunsten hans, seier Eldon.