Hopp til innhold

- Meir enn ein riksklovn

I år fyller Oddvar Torsheim 70 år, og tysdag kom det ei ny bok om den fargerike biletmakaren, songartisten og scenekunstnaren.

Boka har fått tittelen "Oddvar Torsheim - nynorskens skog" og inneheld 158 illustrasjonar frå heile karrieren hans.

158 illustrasjonar

Det er Det Norske Samlaget som har gitt ut boka, og redaktør for verket er Sverre Tusvik. Han har plukka ut illustrasjonane til boka frå heile karrieren til kunstnaren, mellom anna i samråd med Torsheim sjølv.

- Vi har fått med 158 illustrasjonar i heilsider i fargar. Det er den femte boka om Torsheim, men det er første gongen det er med så mange illustrajonar.

- Biletmakaren i fokus

- Skald forlag laga ei bok om Torsheim i 2001der Katrine Sele skreiv så godt om han at vi ikkje tykte det var nødvendig for oss å gå så sterkt inn på personen Oddvar Torsheim, så her er det biletmakaren som får kome til orde med kunsten sin.

- Vi er stolte over at vi både har fått Einar Økland til å lage ei intelligent innleiing, og kunsthistorikaren Jorunn Veiteberg har laga eit etterord der ho set Torsheim i kunsthistorisk perspektiv.

- Mykje meir enn ein riksklovn

- Det mange vanlege menneske har skjønt, men mange mediekommentatorar ikkje har skjønt, er at han er mykje meir enn ein riksklovn. Han er ein samfunnsrefsar og ein intelligent kommentator som kan få folk til å smile, men han er og vaksen nok til å smile av seg sjølv.

- Ikkje tilfeldig

Ein mediekommentator som meiner han har forstått kva Oddvar Torsheim har stått for sidan 1970-talet er Erling Lægreid. Han forklarar det faktum at Torsheim blir meir og meir populær slik:

- Han er rett og slett bestandig, det er ikkje tilfeldig det han har drive på med, han har eit utgangspunkt som er rotfesta i Sunnfjord, han har sin kunnskapsbase og har teke vare på si psykologiske historie, og difor kan han halde på til han stuper.

- Skal prate drit om han...

- Kva er det du skal gjere i dag?

- Nei, eg skal berre snakke litt drit om han, for eg har kjent han i alle år, fleipar Lægreid, som rettar seg sjølv til at det han skal seie er det stikk motsette av drit.

- Torsheim er modig nok til å vere seg sjølv.

Tente pengar som 14-åring

Hovudpersonen sjølv synest det berre er kjekt å få ei femte bok om seg sjølv. Og han synest det er bra at det er teke med bilete heilt tilbake til då han var 15 år.

- Tantene mine seier at det var den gongen eg kunne måle, eg kom tidleg i gang, og det er utruleg viktig. Eg tente pengar som 14-åring på å selje bilete av barndomsheimar til 20 kroner stykket.Kameratane mine var stadig blakke, eg hadde alltid pengar.

- Samlaget seier at det er ei ære å få gje ut ei bok om deg. Kva seier du til det?

- Eg er blitt veldig godt motteken av Samlaget, det har vore ein stor inspirasjon for meg.

Feirar med kaffi og sjokolade

- Korleis skal du feire boka?

- Med ein kopp kaffi og ein sjokolade. Eg held på med å førebu ei utstilling som opnar 1. november i Oslo. Eg drikk ikkje ei flaske whisky om dagen lenger, eg et blautkake, eg er omprogrammert for å seie det slik. Alt har si tid, seier Oddvar Torsheim