NRK Meny
Normal

Kven vil slå seg saman i Sogn? Følg oss direkte på nett-TV og radio

Måndag 23. mai skal folk langs Sognefjorden – frå Gulen til Aurland – seie si meining om kommunesamanslåing. Vi gir deg alt du treng vite – både på nett, sosiale medium og radio.

23. mai får du vite kva innbyggjarane i sju kommunar i Sogn meiner om kommunereforma.

FØLG OSS DIREKTE: Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle er programleiarar under sendinga som startar måndag 23. mai klokka 20:45.

Dei sju kommunane Gulen, Balestrand, Sogndal, Vik, Leikanger, Høyanger og Aurland skal ha rådgjevande folkerøystingar denne dagen.

– Vi er spente på kva folk langs Sognefjorden meiner om kommunesamanslåing, og vi gler oss til direktesending både på radio og nett-tv, seier dei to programleiarane Gro Ravnestad og Stian Sjursen Take.

Mange spørsmål – får vi klare svar?

For det er spenning rundt om Gulen blir ein del av Hordaland eller om kommunen framleis skal stå åleine. Og blir det samanslåing mellom kommunane Aurland, Vik og Voss?

Kva skjer med Balestrand og Høyanger? Vil folk på Nessane i Balestrand til Høyanger og kva med Høyanger sørside?

Sogn kommune med Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik kan bli ein realitet – ein kommune som vil ha over 14.100 innbyggjarar.

Følg oss heile kvelden

Heile denne spennande kvelden kan du få med deg i nett-TV og på NRK P1 i Sogn og Fjordane.

Sendinga startar klokka 20.45 med gjester på plass i studio i Førde og reporterar ute i kommunane Sogndal, Vik og Balestrand.

Dei siste stemmelokala stenger klokka 20 på kvelden og då startar oppteljinga rundt om på kommunehusa. Så raskt resultatet er klare, vil NRK Sogn og Fjordane få dei ut til nettlesarar, lyttarar og sjåarar. Sjølvsagt med reaksjonar både frå ordførarar og innbyggjarar ute i kommunane.

– Kor stort er engasjementet i sognekommunane? Det lurer vi på. I Sunnfjord og i Nordfjord har det vore låg deltaking i ein del av kommunane. Har sogningane eit større engasjement for kommunereforma? Det skal de og få svar på måndag kveld, seier Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle.

Når det gjeld dei andre sognekommunane, har Luster har sagt dei vil stå åleine. Lærdal og Årdal har heller ikkje noko alternativ dei skal ta stilling til, etter at dei ikkje vart samde om nokon intensjonsavtale med nabokommunane. I Solund og Hyllestad var det folkerøysting 4. april.

Laster kart, vennligst vent...

SJU KOMMUNAR: Gulen, Balestrand, Sogndal, Vik, Leikanger, Høyanger og Aurland skal ha folkerøysting måndag.

Her får du ei oversikt over valalternativa i dei sju kommunane:

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser