– Dette viser at sikta har ein betydeleg tilknyting til landet, meiner Gulating lagmannsrett.
Ein har tilstått
Medan ein av dei tre brørne tilstår å ha «rigga» brannen, nektar dei andre for å ha noko med den å gjere.
- Les også: Ordføraren letta over tilståinga
Dei to brørne har gått heilt til Høgsterett for å få medhald i at det ikkje er grunn til å tru at dei vil stikke av frå verken hovudforhandling eller straffansvar.
Anken vart forkasta i Gulating lagmannsrett, medan også Høgsterett støttar opp om påtalemakta sitt syn om at det er grunn til å frykte at mennene kan prøve å unngå både hovudforhandlinga og straffansvar.
Vil halde på sikta
Mennene hevdar at dei har sterk tilknyting til Norge, medan politiet meiner at denne sterke tilknytinga gjekk opp i flammar 24. november i fjor.
- Les også: Hotellbrannen i Selje - dette er saka
Samstundes meiner mennene at dei ikkje har sterk tilknyting Tyrkia, landet dei opphavleg kjem frå.
At mennene lånte to millionar kroner frå familie og vener i heimlandet for å finansiere hotellkjøpet, meiner derimot politiet beviser det motsette. Politiet meiner også å kunne bevise at større pengebeløp har gått frå hotellet til mellom anna Tyrkia.
Fryktar vil rømme
Den tre veker lange hovudforhandlinga skal etter planen starte 18. september, og politiet ynskjer å halde dei sikta mennene i varetekt til saka kjem opp.
Mennene bur i Sverige, men har familie og vener i fleire europeiske land.
Sett i lys av faren for å bli dømde til fengsel i inntil 15 år og eit regresskrav på kring 15 millionar kroner frå forsikringsselskapet, fryktar politiet at dei kan gøyme seg vekk.
Forlenga fengsling
Politiet festar ikkje lit til forklaringane til dei to mennene, og fram til nyleg har dei vore lite samarbeidsviljuge.
Mennene er sikta for grovt skadeverk eller medverknad til dette, økonomisk utruskap eller medverknad til dette og forsøk på grovt bedrageri eller medverknad til dette.
I dag vart den tidlegare hotelldirektøren varetektsfengsla til og med fredag 31. mars. Dei to andre, vart fengsla til og med 24. april.